Om tillit og IKT

Tillit er ein viktig verdi i det norske samfunnet – og ein del av fundamentet for sikkerheitsregimet i petroleumsverksemda. Selskapa er ansvarlege for å ivareta helse, miljø og sikkerheit. Vi må kunne ha tillit til at selskapa tek dette ansvaret, at dei gjer det dei kan for å etterleve regelverket og drive sikkert. Slik er regimet lagt opp.

Riksrevisjonen har nyleg sett nærare på Ptil sin tilsynspraksis, og konkludert med at vi i enkelte tilfelle har hatt for stor tillit selskapa – og at selskapa på si side ikkje har tatt det ansvaret dei skulle. Riksrevisjonen legg i rapporten vekt på betydninga av eit sterkare og meir kraftfullt tilsyn.

I Dialog set vi òg søkelys på IKT-sikkerheit, eit område der vår merksemd no blir kraftig styrka. Kva utfordringar ser vi, og kva inneber vår satsing på dette området?

Forside Dialog nr.1 - 2019