Prisen for krisa

Kostnadskutt og effektivisering har vore ein grunntone i oljebransjen dei siste åra, heilt sidan den økonomiske nedturen i 2014-2015 tvang alle til å kutta kostnader og spara tid.

I 2020 fekk me koronapandemien, og med det ein ny bråbrems. Ikkje før var bransjen på beina igjen, før ein ny runde med innstramingar sto for døra.

Ptil sin viktigaste bodskap

Ptil sin viktigaste bodskap er den same i alle syklusar: Selskapa må forstå konsekvensane av tiltaka sine, på kort og lang sikt, og unngå at kutt og sparing går ut over sikkerheita.

I vanskelege tider ser me at føresetnader og vilkår for sikkert arbeid blir svekka - og at partssamarbeidet kjem under press. Nå fryktar me at det nok ein gong er leverandørane som må betala den høgste prisen for krisa.

For når operatørane stramar til, får det konsekvensar utover i verdikjeda – hos både store og små leverandørselskap.

Og det er i stor grad leverandørane som gjer jobben, enten det er snakk om boring, vedlikehald eller stillasbygging. Vilkåra i den såkalla spisse enden av verksemda har mykje å seia, både for arbeidsmiljøet og storulukkerisikoen i bransjen.

Vil du lese fleire reportasjar? 

Her kan du lese fleire reportasjar frå Dialog. Du finn det og som PDf i vedlegg under. 

Ønsker du å motta Dialog i trykt versjon? Send ein e-post til Margrethe Hervik og oppgi kor mange eksemplarar du ønsker.

Forsiden av Dialog