Heime til havs

Det er ikkje ein heim, sjølvsagt, men noko meir enn berre ein arbeidsplass er det i alle fall, slår Joar Tiller (59) fast. Då har han tenkt seg om lenge - og får eit anerkjennande nikk frå Charlotte Bjørnvik (29).
Nikket kjem ikkje overraskande. Til tross for ein aldersforskjell på 30 år, og at den eine er fersk i yrket og den andre må kunne seiast å være ein veteran, så har dei svært mykje til felles.
- Vi er nok begge prega av at vi vaks opp på ein typisk nordnorsk industristad, seier Bjørnvik.
No er det hennar tur til å få eit nikk attende.
Frå nord til sør
Tiller er oppvaksen i Mo i Rana, men som nyutdanna ingeniør frå Trondheim Ingeniørskole i 1986, følgde han oppfordringa frå tidlegare oljebyordførar Arne Rettedal som slo fast at «Stavanger er stedet».
- Eg flytta til Stavanger fordi det var her jobbtilbodet var. Omtrent halve klassen min frå Trondheim blei rekruttert ned hit, fortel han.
Sidan 1990 har ranværingen jobba i ConocoPhillips - først på land, seinare i meir enn 20 år som plattformsjef offshore.
- Eg kom inn i ei tid der pionerane var i ferd med å pensjonere seg. Ein høyrde historier om cowboytilstandar og alt det der, men svært lite av den slags prega kulturen då eg kom ut, seier Tiller.
Han synest det er viktig å få fram at han alltid har jobba i eit system som har vore grundig og skikkeleg, spesielt på sikkerheitssida.
- Men for all del, det har vore stor utvikling innanfor HMS-feltet på alle desse åra, meiner han.
Tiller var ein rutinert plattformsjef på Eldfisk Bravo medan Charlotte Bjørnvik framleis trødde sine barnesko på Ørnes i Meløy kommune i Nordland. Ho hadde tidleg yrkeskarriereplanen klar.
Utolmodigheita var stor etter å komme seg i lære for å fullføre utdanninga som prosessoperatør.
Ho var ikkje meir enn 18 år då ho sette seg i helikopteret i retning Ekofisk. Det var i 2011.
- Det var overveldande å sjå Ekofiskkomplekset med eigne auge for første gong. Opplevinga gav ei slags ærefrykt.
Men eg fekk ein god fadder då eg kom dit, og eg kom til eit skift det var lett å bli glad i.

Tett, på godt og vondt
Både Tiller og Bjørnvik beskriv at tilværet på plattformen skil seg frå det «vanlege livet». Der ute blir alt mindre. Folk kjem tettare på kvarandre.
Samstundes kan ting fort bli større, fordi ein må være der ein er. Det er ingen fluktmoglegheit.
Akkurat det kan være utfordrande.
- Ta for eksempel konfliktar. Som leiar må ein ha antennene ute og gripe tak i slike ting så tidleg som mogleg. Det gjeld jo uansett kor ein er, men på ein plattform kan ein konflikt som går for langt, lett bli ein sikkerheitsrisiko. Det kan ein ikkje tillate, understrekar Tiller.
- Men det er lite konfliktar. Ein blir ein slags familie.
Strategien til plattformsjefen er å være mykje ute blant folk, for å samtale og sjå.
- Det er viktig å ha eit godt bilde av kva som skjer. Ein ting er sikkerheit, ein annan er at folk skal føle at dei blir sett, høyrt og informert, seier han.
Eit paradoks
Informasjon er nøkkelen, meiner også 29-åringen.
- God informasjonsflyt skaper trygge arbeidarar og sikker drift. Har vi ikkje det, så slit vi, poengterer Bjørnvik.
Nettopp dette er blant utfordringane ein må være observant på, ifølge han som nærmar seg 60. Han fortel at ein av dei største endringane som har skjedd sidan han byrja offshore, er mangfaldet.
Det som før var ein mannsdominert bransje, har endra seg mykje når det gjeld kjønnsfordeling og etnisk bakgrunn.
- Det er bra at me speglar samfunnet, men dette krev at ein også klarar å tilpasse informasjonsflyten til mangfaldet, påpeiker Tiller.
Både han og kollegaen meiner at informasjonsflyten er god. Men paradoksalt nok ser dei at dette kan skape problem på heimebane.
For dei to er samde om at dagens situasjon, med auka militært nærvær rundt plattformane, ikkje har påverka arbeidskvardagen i særleg grad. Nettopp fordi ein er grundig informert om kva som skjer.
- Men dei heime er ikkje det. Der ser ein nyheiter som kanskje fokuserer meir på drama. Difor kan ein oppleve at den største uroa og frykta faktisk sit hjå dei som er på land, i si eiga stove, seier Tiller.
Lenge og langt borte
Eit langt liv offshore har gjeve Tiller påminningar om at det har sine ulemper å være borte frå familien 14 dagar i slengen.
- Det sosiale, det relasjonelle blir kutta når ein går inn i ein jobbfase. Det krev mykje av dei som er att heime.
Han får støtte av Bjørnvik. Ho er mor til to born, på eitt og seks år, og har kjent på dette. Akkurat no arbeider ho på eit prosjekt på land, men vil ikkje nøle med å reise ut att.
- Eg fekk det til å flyte godt sjølv om eg var borte i 14 dagar, men det krev ein partner som er einig og som tek eit ekstra tak.

Kontinuerleg betring
Det er med andre ord to nøgde oljearbeidarar som sit på ConocoPhillips sitt hovudkontor i Stavanger og fortel om livet offshore.
Det blir framstilt som meiningsfylt, trygt og stabilt.
Men mykje er likevel endra sidan Joar Tiller tok sine første steg inn i bransjen på slutten av 1980-tallet. Også Charlotte Bjørnvik merkar klåre endringar i arbeidsmiljøet sidan ho starta i 2011.
- Om ein ser på sikkerheitsutstyr for eksempel, så har det skjedd mykje. Spesielt hjå oss, seier Tiller og peikar på at dei jobbar på ein eldre innretning.
- I dag bygger ein sikkerheita inn frå starten av i større grad enn før.
- Vi er blitt mykje betre på detektorar, vi testar meir, vi er tryggare. Det handlar om kontinuerleg forbetring. Dette er nødvendig - og utviklinga har vore stor.
Bjørnvik påpeikar igjen at dette handlar om informasjonsflyt. Mykje og god informasjon spreier tryggleik.
Barrierar
Ei anna stor endring plattformsjef Tiller peikar på, er barrierar.
- Der har vi ei tenking i dag som er vesentleg forskjellig frå nittitalet. Om vi har ei barrieresvekking no, la oss sei fleire nødlys ute av drift, så er det eit veldig systematisk arbeid rundt det. Det handlar om å rette opp, og å midlertidig kompensere og ansvarleggjere alle.
I kontorjobben på land arbeider Charlotte Bjørnvik for tida i eit prosjekt innanfor operasjonell risikohandtering.
- Vi jobbar med å lage eit system for visualisering av blant anna barrieresvekkingar som skal brukast offshore så snart vi er ferdige.
- Sjølv om eg ser at ein jobbar systematisk og godt, og at dette har betra seg mykje sidan eg byrja, så handlar det om det same: Å kontinuerleg forbetre seg.

Best ansikt til ansikt
Begge ønsker velkommen endringar som betrar sikkerheita. Det er berre éi mogleg endring dei rynkar på nasen av.
- Eg klarer ikkje heilt å venne meg til tanken om kontrollrom på land for bemanna offshore-innretningar, seier Tiller.
Han er tydeleg på at no legg han seg lagleg til for hogg som ein aldrande plattformsjef. Difor er han raskt ute med å presisere at det ikkje handlar om teknologiskepsis - og at han ser at di færre som jobbar offshore, di færre risikerer å bli skada.
- For meg handlar denne saka om relasjonar. Det å kunne snakke ansikt til ansikt med folk, å lytte til dei. Det er eg sikker på at er viktigare for sikkerheita og arbeidsmiljøet enn ein skulle tru, seier Tiller.
Han får støtte av sin 30 år yngre kollega: - Det er ikkje like lett å bygge trygge relasjonar på skjerm. Det har vel pandemien vist oss.