Ptil logo 2018 svart mobile ptil-logo-norsk-new
Til 50 år med sikkerhet
ET TIDSSKRIFT FRA PETROLEUMSTILSYNET

Varmt og kaldt i nord

Goliat-innretningen Foto: Anne Lise Norheim
På 2010-talet vart nye område i Barentshavet opna, viktige kunnskapshol tetta og leitinga sette nye rekordar. I dag er dei kaldaste områda på sokkelen heitare enn nokon gong. På grunn av ein krig.

Mykje dreidde seg om nordområda på starten av 2010-talet. Noreg og Russland var blitt einige om delelina i Barentshavet, og det var knytt store forventningar til Barentshavet søraust, som blei opna for petroleumsverksemd i 2013. Samtidig meinte ressursmyndigheitene at rundt 40 prosent av dei ikkje-oppdaga ressursane på norsk sokkel var å finna lengst nord på sokkelen.  

Leiteboring her var ikkje noko nytt. Barentshavet blei opna for leiting i 1980, og det var allereie gjort fleire funn. Leiteaktiviteten dei siste åra hadde likevel ikkje vore stor. Spørsmålet var berre om næringa hadde nok kunnskap til å handtera risikoen knytt til leiting, utbyggjing og drift av felt i desse sårbare områda.

Behovet for å tetta kunnskapshola gjorde at det vart sett i gang eit omfattande arbeid for å læra meir - både i industrien og hos myndigheitene. 

Milepælar på 2010-talet:

2011: Felles regelverk for petroleumsverksemda offshore og på landanlegg. 

2018: Ptil får myndigheitsansvar for CO2-transport og –lagring.

Bransjearbeid

Bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass tok tak i problemstillinga gjennom prosjektet HMS-utfordringer i nordområdene. Der deltok selskap, arbeidstakarorganisasjonar og myndigheiter. Målet var å auka kunnskapen og bidra til å etablera felles forståing for problemstillingar i nord.  

- Då vi starta prosjektet, var det sprikande meiningar om kor mykje aktivitetane i desse områda skilde seg frå verksemda i meir etablerte område av sokkelen. Enkelte meinte at petroleumsverksemd i nord var heilt likt som i Nordsjøen og  Norskehavet. Andre frykta store utfordringar knytt til for eksempel kulde og avstand, fortel Aud Nistov, fagsjef for HMS og standardisering i Norsk olje og gass.  

Nistov leia arbeidet med prosjektet. Det identifiserte viktige utfordringar om ei rekke tema: Klima og kommunikasjon, helse og arbeidsmiljø, helikopterlogistikk og -beredskap, risikostyring og design, generell beredskap og infrastruktur, maritim logistikk og iskontroll.  

- Vi starta med ei litteraturstudie som ga oversikt over kva kunnskap vi allereie hadde, og på kva område vi måte skaffa meir, seier Nistov.  

- Funna vart deretter delte med næringa gjennom ei rekke tematiske arbeidsseminar. Det heile blei presentert i ein rapport, som inkluderte ei liste både over spørsmål som var avklarte og nokre få forhold som det måtte jobbast vidare med. 

Aud Nistov, fagsjef for HMS og standardisering i Norsk olje og gass
Aud Nistov, fagsjef for HMS og standardisering i Norsk olje og gass Foto: Thomas Brekke, Norsk olje og gass

- Det var viktig at partane i næringa fekk felles forståing om kva kunnskap vi hadde og kva vi ikkje hadde. Noko av dette hadde vore kjent heilt sidan polarheltane si tid, men kunnskapen var ikkje systematisert og delt. På andre område var det krav til meir forsking og utvikling av nye løysingar.  

- Det aller viktigaste var likevel at prosjektet blei overtatt og vidareutvikla av næringa sjølv, understrekar Nistov. 

Ho trekk blant anna fram industrisamarbeidet Barents Sea Exploration Collaboration (Basec), der ei rekke operatørselskap som var involvert i leiteboring i området, gjekk saman om å dela erfaringar frå sine operasjonar.  

- Kunnskapsprosjekt er viktige, men får først tyding for sikkerheita når kunnskapen blir brukt i dei daglege aktivitetane.

Johan Castberg-innretnigen
Fleire store prosjekt er undervegs i Barentshavet. Johan Castberg-feltet ligg lengst framme i løypa, og skal etter planen koma i produksjon i 2024. Den flytande innretninga ligg nett no på Stord i Vestland for utrusting. Foto: Øyvind Midttun

Stor satsing i Ptil 

Den store interessa for nordområda førte til at Ptil fekk tildelt midlar frå departementet til seks store kunnskapsprosjekt. Desse blei gjennomførde over ein periode på fleire år.   

Nord vart også løfta fram som ei eiga hovudprioritering i Ptil frå 2014 til 2016 og fagkonferansen Arctic Safety blei arrangert tre gonger i perioden 2013-2018.  

I tillegg blei eit eige myndigheitsamarbeid, Arctic Offshore Safety Forum (AORF), etablert i 2015. Målet var å dela kunnskap mellom landa som har petroleumsverksemd nord for polarsirkelen. 
 
- Ptil sin viktigaste bodskap til næringa var at utfordringane i nord må løysast gjennom samarbeid og deling av kunnskap, seier Finn Carlsen, fagdirektør i Ptil. 
 
- Kunnskapsprosjekta som næringa og myndigheitene hadde på 2010-talet, var viktige for å førebu bransjen og myndigheitene på aktivitet i området. 

- Utbyggingane i Barentshavet har så langt vist at det er mogleg å operera under forholda i området, poengterer han. 

Les alle rapportane her:
Kunnskapsutvikling om nordområda

Kunnskapsprosjekt er viktige, men får først tyding for sikkerheita når kunnskapen blir brukt i dei daglege aktivitetane.

Aud Nistov, Norsk olje og gass

Ny giv 

Mot slutten av tiåret kjølna iveren for nordområda noko. Kombinasjonen av skuffande leiteresultat og ein oljepris som raste ned mot 30 dollar fatet, gjorde at lønsame prosjekt vart sette på vent.

- Vi må likevel ikkje gløyma at det er store volum som blir produsert i Barentshavet allereie i dag, både på Snøhvitfeltet og Goliat, seier Carlsen. 

- Og sjølv om storleiken på det som er funne, kanskje ikkje er på nivå med det ein såg for seg, er betydelege felt som Johan Castberg og Wisting i ferd med å byggjast ut. 

Johan Castbergfeltet, som ligg cirka 100 kilometer nord for Snøhvit, skal etter planen koma i produksjon i 2024. Plan for utbygging og drift (PUD) for Wisting, som ligg 300 kilometer frå nordkysten av Noreg, er venta mot slutten av 2022. 

Ifølgje Carlsen er den auka aktiviteten i området bra for sikkerheita.

- Når det først er bestemt at det skal drivast petroleumsverksemd ein stad, er stor aktivitet eit gode. Det betyr betre infrastruktur og fleire ressursar til å vidareutvikla gode standardar, seier fagdirektøren.

- Igjen er samarbeid viktig. Selskapa som leitar, eller som har felt i drift i Barentshavet, må samarbeida om å finna gode løysingar. 

Finn Carlsen, fagdirektør i Ptil
Finn Carlsen, fagdirektør i Ptil Foto: Anne Lise Norheim

Når det først er bestemt at det skal drivast petroleumsverksemd ein stad, er stor aktivitet eit gode. Det betyr betre infrastruktur og fleire ressursar til å vidareutvikla gode standardar.

Finn Carlsen, Ptil

Få papirutgåva
Ynskjer du å få tilsendt spesialutgåva av Dialog heilt gratis? Send ein e-post til dialog@ptil.no.

Storpolitikk

Framtidig aktivitet i nordområda, berekraft og dei politiske tilhøva i Europa er tema som no står høgt på agendaen i næringa.

- Den storpolitiske situasjonen i Europa gjer at sikkerheit og regularitet er viktigare enn nokon gong, understrekar Carlsen. 

Det gjeld også for nordområda, kor eitt av dei store spørsmåla handlar om Barentshavet som gassregion. 

- Dersom situasjonen i Europa betyr at etterspørsla etter norsk gass aukar, får  det tyding for utviklinga i Barentshavet. Dette vil også endra selskapa sine vurderingar av kor lønsame eksisterande, mindre funn er.  

- Transport av gass frå området har vore ei utfordring fordi gasseksporten er avgrensa av kapasiteten på Hammerfest LNG, seier Carlsen.  

- Gassco vurderer no moglegheiter for og konsekvensar av auka gasseksport frå Barentshavet, både via røyrsystemet til Europa og auka LNG-kapasitet.  

- Ei alternativ løysing er også lansert, gjennom Barents Blue-prosjektet. Her er planen å senda naturgassen i røyr til land i Finnmark for produksjon av ammoniakk, som deretter kan fraktast frå regionen med skip.  

Tett, varm og livsviktig
Visste du at det er utvikla ein eigen redningsdrakt spesialtilpassa for Barentshavet?

Les historia om utviklinga av redningsdraktane på norsk sokkel