Ptil logo 2018 svart mobile ptil-logo-norsk-new
Til Reportasjer
ET TIDSSKRIFT FRA PETROLEUMSTILSYNET

Framtid med mange dilemma

Espen Kvilekval Foto: Anne Lise Norheim
- Det er ei framtid for olje og gass, men det vil bli stilt tydelege krav til dei selskapa som får vere med. På same måte som at sikkerheit er ein føresetnad for drift, slik blir det også for miljøomsyn og berekraft, meiner Espen Kvilekval i DNB.

Frå 17. etasje i sentrum av Oslo har Espen Kvilekval vanlegvis utsyn over heile hovudstaden. Men dagen er dekt med skodde, og randsona for storbyen er vanskeleg å sjå. På mange vis er det eit bilete på bankmannen sitt syn på framtida: Det er mange gråsoner.  

- Det kan være vanskeleg å manøvrere i dei mange framtidsscenaria. Ting er stadig i omskifting, og kompleksiteten blir større år for år, seier han. 

Kvilekval, som har globalt ansvar for olje og gass i DNB, synest det er vanskeleg å spå, men listar likevel opp eigenskapar han er sikker på at selskap må ha for å lykkast i framtida. 

- Dei må ta berekraft på alvor. Dei må analysere og forstå korleis verda utviklar seg, og posisjonere seg deretter. I tillegg må dei skape tillit. Og tilliten må nå ut til ei stor gruppe: til aksjonærar, folk flest og ikkje minst til den yngre generasjonen som skal ut på arbeidsmarknaden. 

Ikkje småtteri, med andre ord. Men han meiner føresetnadene er dei aller beste i Norge for at svært mange selskap vil klare akkurat det.  

Blikk på en bransje i endring

Hvordan ser framtiden ut for olje- og gassbransjen? Skal vi avvikle eller utvikle? Og hva skal vi i tilfelle utvikle?

I en serie artikler får du innsikt i noen av kravene og forventningene som stilles til Norges største og mest lønnsomme næring. Signalene kommer fra ulikt hold: Fra klimasiden, fra kapitalforvalteren, fra arbeidstakeren, fra leverandøren og fra politikerens perspektiv.

Les også: Med storkapital som veiviser

Kø av dilemma 

Kvilekval har vore i DNB sidan 2001. Før det jobba han i Olje- og energidepartementet. På dei 20 åra i banken har han sett at samfunnsoppdraget stadig har vore i endring. 

- Som den største bank- og finansinstitusjonen i Norge har vi ei plikt til å jobbe strategisk og dynamisk med samfunnsoppdraget vårt. 

For Kvilekval handlar det om å freiste å fylgje med på utviklinga. Han seier berekraft har blitt ein integrert del av all forretningsverksemd dei siste åra. Og i den røynda finst det fleire store dilemma.   

- Eitt eksempel er olje- og gassektoren der ein ser eit stort behov for å kutte i klimautslepp og omstille energisystema. 

Kvilekval listar opp fleire hendingar i 2021 som har illustrert klimaalvoret, mellom anna framlegginga av Det internasjonale energibyrået (IEA) sitt vegkart for globalt nullutslepp innan 2050, den nye rapporten frå FN sitt klimapanel – omtala av FN sin generalsekretær António Guterres som "kode rød for menneskeheten" og klimatoppmøtet i Glasgow. 

Net Zero by 2050:Det internasjonale energibyrået (IEA) sitt vegkart for globalt nullutslepp innan 2050. Rapporten frå IEA viser at det er mogleg å nå nullutsleppmålet, men at det vil krevje svært ambisiøse grep. Mellom anna vil det innebere ei total omlegging av verdas energisystem.

- Samtidig med alt dette ser vi et stort behov for energi i verda. 

På verdsbasis finst det 850 millionar menneske utan tilgang til elektrisitet. Mange stader, som til dømes i Kina, India og i Libanon ser ein at presset på el-tilførsla er så stor at nettet kollapsar innimellom. Og i Storbritannia har vi i haust opplevd ein gasspris som har vore seks gonger høgare enn normalt.  

- Vi ser altså eit stort og aukande behov for å sikre energiforsyninga i verda, og samstundes eit stort behov for omstilling. Dette er eitt av vår tids aller største dilemma.  

Se video: Dilemmaer i vår tid

- Vi ser eit stort og aukande behov for å sikre energiforsyninga i verda, og samstundes eit stort behov for omstilling. Dette er eitt av vår tids aller største dilemma. 

Framleis olje og gass 

Ifølge Kvilekval handlar det mykje om at ein har underinvestert innanfor energisektoren i fleire år. Han meiner det blir viktig framover å klare å ha fleire tankar i hovudet samstundes. 

- DNB har ein ambisjon om at finansierings- og investeringsverksemda skal vere netto utsleppsfri innan 2050, og for oss er det viktig å vere med på å finansiere fornybar energi. Men på den andre sida handlar det òg om å ikkje stenge ute næringar, slik som nokre bankar har gjort med olje- og gasselskap.  

Så er spørsmålet om dette er mogleg? Kan ein etter å ha teikna eit så alvorleg bilete av klimastatusen i verda, halde fram med å investere i olje og gass? 

- For oss handlar det om å være en god samtalepartner for selskapa. Det vil til dømes være viktig at oljeselskapa også investerer i fornybar energi, og då kan vi være ein partner. I ein situasjonen der etterspurnaden etter olje og gass er rekordhøg, så passar det godt for oss å kunne påverke og støtte kundane slik at utvinninga er så berekraftig som mogleg. 

Moral versus profitt 

Det finst mange ulike prognosar rundt lønnsemda til dei nye energiformene. Og då reiser spørsmålet seg, til ein bankmann, om kva som tel mest: Moral eller profitt? 

- Det er ikkje nødvendigvis eit motsetningsforhold der, svarer Kvilekval, og samanliknar fokuset på berekraft med krava til sikkerheit på sokkelen. 

- Ganske tidleg blei det stilt tøffe krav. Sikkerheit blei eit premiss som måtte være på plass. Slik er det enno. Så må ein sjølvsagt få til lønnsam drift. Men, det må være sikkert, ingen vil finne seg i noko anna. 

I Norge har vi utruleg gode føresetnader til å lykkast med omstillinga. Vi har velutvikla sikkerheitsstandardar, eit god reguleringsregime, einenorm teknologikompetanse, omstillingsevne og en stor kapitalbase, seier Espen Kvilekval i DNB. 

På same måte som at sikkerheit er ein føresetnad for drift, slik blir det også for miljøomsyn og berekraft, meiner Kvilekval. 

- Dei aller fleste selskap har god bevisstheit rundt dette. Berekraftskrav er ikkje kontroversielt, snarare tvert om. 

Se video: Espen Kvilekval om sikkerhet og bærekraft

- Ganske tidleg blei det stilt tøffe krav. Sikkerheit blei eit premiss som måtte være på plass. Slik er det enno. Så må ein sjølvsagt få til lønnsam drift. Men, det må være sikkert, ingen vil finne seg i noko anna.

Energiomstilling 

Frå Kvilekval sin ståstad høgt over hovudstaden ser han store moglegheiter i den energiomstillinga som går føre seg no. 

- Det skjer enormt mykje på energifeltet i dag. Vi har stor pågang frå selskap som ynskjer å skape nytt og være ei drivkraft i omstillinga, seier han, og meiner han kan sjå ein tendens i norsk næringsliv i dag, der ein ser framover og har blikket på moglegheitene, mykje meir enn for få år sidan, då fokuset helst var på å bevare det etablerte. 

Mangfald 

Kvilekval peikar på at det historisk sett har vore svært lite energitransisjon i verda. Ein har heller sett energiaddisjon. Nye former har kome inn – i tillegg til dei eksisterande - og tatt veksten i energibehovet. 

- Men no må ting fasast ut. I første omgang kull. Og det må gjærast på ein smart måte. No ser vi at mange sluttar med kull, og ein del også med kjernekraft, før alternativa er klare. Dermed har elektrisitetsprisane og gassprisane eksplodert. 

Kvilekval er tydeleg på at kompetansen som er å finne i olje- og gassektoren må føre an, og at det må støttast politisk. 

- Eg har mest tru på mangfald. Vi vil trenge mange ulike energiformer i lang tid framover.  

-Veldig mange av dei nye satsingane er i startgropa, risikoen er stor. Difor treng me gode, offentlege rammetilhøve.  

Framtida 

- På mange måtar har verda aldri vore ein betre stad å vere enn no. Det må vi tenke på når me snakkar om ting som skremmer oss, seier Kvilekval 

- Det kan bli krevjande i åra som kjem, men i Norge har vi utruleg gode føresetnader til å lykkast med omstillinga. Vi har velutvikla sikkerheitsstandardar, eit godt reguleringsregime, ein enorm teknologikompetanse, omstillingsevne og ein stor kapitalbase. 

- Det er få land forunnt. Vi er heldige, og rusta for omstillinga. 

Tidsskriftet Dialog

Artikkelen er hentet fra vårt tidsskrift Dialog, som har som formål å åpne for debatt om noen av de mest aktuelle problemstillingene og utfordringene næringen står overfor på sikkerhetsområdet. 

Klikk her for å se alle utgaver av Dialog