– Ekofisk er unikt. Det var det første feltet på norsk sokkel. Det er også eitt av dei aller største. Det har vore i drift i nesten 50 år, men har framleis ei lang framtid. Dette er eit spesielt felt på mange måtar, og derfor er det viktig å ta vare på denne historia, seier Björn Lindberg, fagsjef ved Norsk Oljemuseum i Stavanger.

Les også: Fem tiår med forbedring

Arbeidet med å dokumentera Ekofisk si historie starta på byrjinga av 2000-tallet, i samband med at feltet skulle fornyast med nye plattformar og 14 av dei gamle innretningane i Ekofiskområdet skulle fjernast.

Med utgangspunkt i kulturminnelova bad Riksantikvaren om at Ekofisk si industrihistorie måtte dokumenterast. Jobben ga dei til Norsk Oljemuseum.

Injeksjon av vatn held trykket oppe i undergrunnen. Biletet er tatt i samband med installasjon av vassinjeksjonsinnretninga 2/4 K i 1986. Foto: Industriminne Ekofisk

Dokumentera, ikkje bevara

Det var ei krevjande oppgåve, for utbygginga av Ekofisk og dei andre felta i Ekofiskområdet er gigantiske industriprosjekt.

Meir enn 30 plattformer, ein lagertank i betong, fleire lange eksportrøyrleidningar, ein stor terminal for mottak av råolje og våtgass i Teesside i Storbritannia og eit mottaksanlegg for gass i Emden i Tyskland. Alt dette har vore i drift for å produsera hydrokarbonar frå kalkreservoara i Ekofiskområdet og frakta olja og gassen ut til marknaden.

– Vi kunne ikkje bevara nokre av innretningane i full skala. Dei var for store til det. Men det som ikkje kan bevarast, kan likevel dokumenterast, seier Kristin Øye Gjerde, seniorforskar ved Norsk oljemuseum og prosjektleiar for arbeidet med Industriminne Ekofisk.

Viser utviklinga

Den første prosjektperioden for Industriminne Ekofisk gjekk fram til 2004. Som ein del av 50-årsmarkeringa i 2019, har oljemuseet oppdatert og utvida industriminnet med nytt materiale.

Samlinga viser den teknologiske utviklinga, viktige delprosjekt, historiske hendingar og milepelar og utviklinga innanfor helse, miljø og sikkerheit – i tillegg til ein del av debatten som har gått føre seg, sentrale vedtak og politiske avgjerder.

Mykje skriftleg materiale som bøker, rapportar og magasin er digitaliserte og gjort tilgjengeleg på nett. Det same er ei fotosamling på meir enn 5 000 bilete, som dokumenterer ulike sider av historia - frå pionertida og fram til i dag. Filmmateriale er også teke vare på.

Krona er med

I museets si utstilling finst ein del ikoniske gjenstandar, mellom anna borekrona som Ocean Viking brukte då borestrengen trengde inn i reservoaret den 25. oktober 1969. Her er også eitt av dei originale ventiltrea frå prøveproduksjonen i 1971 og ei autentisk borebu frå Ekofisk 2/4 A-innretninga.

På kaien utanfor museet står til og med ein av dei gigantiske jekkane som var i bruk under den store «redningsaksjonen» i 1987, då ei rekke innretningar på Ekofisksenteret måtte jekkast opp seks meter på grunn av innsynking av havbotnen.

Oppjekking av innretningane på Ekofisk i 1987 er eitt av dei teknologiske c-momenta i historia om Ekofisk. Dette biletet er frå jekkinga av stigerøyrsplattforma 2/4 R. Foto: Industriminne Ekofisk

Kultur i endring

Intervju med augevitne utgjer ein annan stor og viktig del av samlinga. Øye Gjerde og kollegaene hennar har snakka med både høg og låg; frå gamle boredekksarbeidarar og fagforeiningsleiarar til plattformsjefar og kontorfolk. Til saman fortel dei ei fargerik historie om pionerarbeid og kameratskap, om ingeniørbragdar og alvorlege hendingar.

– Intervjua gjer eit bilete av arbeidskulturen som har vært der ute, og er eit godt innblikk i korleis ting har forandra seg, seier Øye Gjerde - og trekker blant anna fram sikkerheitstenkinga, kor innarbeida og under huda denne er for dei tilsette i dag.

– Å dokumentera Ekofisk, har vore ei viktig oppgåve, poengterer Lindberg.

– Ekofisk er ein sentral del av norsk historie dei siste 50 åra. Den er også norsk oljehistorie i miniatyr. Funnet av Ekofisk innleia ein fase heilt utan sidestykke,  og har prega stort sett alle sider av det norske samfunnet sidan.

– Feltet er eit symbol, som det første som blei bygt ut. Det er også ei betydeleg del av historia vår i kroner og øre, seier han.

Rett tidspunkt

Ekofisk var det første norske oljefeltet som hamna på museum. Sidan har det blitt fleire. Statfjord, Frigg, Valhall og Draugen er alle dokumenterte i museet sine digitale og fysiske magasin.

Med unntak av Frigg er alle desse felta enno i produksjon. Lindberg poengterer at det er viktig at dokumentasjonsarbeidet kjem tidleg nok i gang.

– Vi skriv ikkje nekrologen til disse felta. Det er eit poeng å starta dokumentasjonsarbeidet på rett tidspunkt, helst mens det framleis er drift og kjeldene er tilgjengelege, seier han.

– Kjem vi for seint inn, når det berre er nokre få personar igjen og feltet er under avvikling, er det mykje vanskelegare å fortelja heile historia og gje eit korrekt bilete.

Du kan lese heile historia om Ekofisk på nettstaden https://ekofisk.industriminne.no

Tidsskriftet Dialog

Artikkelen er hentet fra vårt tidsskrift Dialog, som har som formål å åpne for debatt om noen av de mest aktuelle problemstillingene og utfordringene næringen står overfor på sikkerhetsområdet. 

Send en e-post til margrethe.hervik@ptil.no dersom du ønsker å bestille Dialog. Tidsskriftet er gratis, og du kan bestille så mange eksemplarer du ønsker.

Gå til tidligere utgaver av Dialog