Betre oversikt
Denne studien kan gi ei betre oversikt over tilstanden til systema og kan vere med å redusere risikoen for hendingar og gi ei meir forutsigbar drift av innretningane. Dette prosjektet skal forsøke å belyse områder der det er kunnskap og informasjon som ikkje blir nytta og sett i system for kontinuerleg forbetring og risikoreduksjon. I tillegg vil ein sjå på korleis ein tilnærmar seg dette på tvers av fagmiljø, system og standardar
Potensiale for å systematisere informasjon
Oppfølging av integritet for røyrleidningssystem og undervassanlegg er sentralt for å kunne gjennomføre ei sikker og kostnadseffektiv drift av systema. Tilnærminga for å kunne seie noko om systema er direkte og indirekte informasjon gjennom, inspeksjonar, overvaking, målingar, analysar og evalueringar. Ein nyttar typisk ei risikobasert tilnærming for å bestemme kva ein skal gjere av aktivitetar som kan seie noko om integriteten og kor ofte ein skal gjere dei. Det er mykje informasjon tilgjengeleg gjennom data frå normal drift, instrumentering, inspeksjonar, modifikasjonar, hendingar, granskingar osv. Det er framleis eit potensiale her for å systematisere denne informasjonen betre og nytte moderne verktøy og teknologi for å få meir og betre informasjon om integriteten til systema. Vi meiner det per i dag er ei for svak og lite systematisk tilnærming til kva ein treng å måle/instrumentere, korleis ein skal gjere det, korleis ein skal nytte tilgjengelege data og korleis dette skal bidra til kontinuerleg forbetring og risikoreduksjon.
Ny teknologi
Det er mykje data og informasjon tilgjengeleg for kontinuerleg overvaking av røyrleidningssystem og undervassanlegg, og det er utvikla ei rekke teknologiar som både kan implementerast på nye prosjekt og etterinstallerast, som kan bidra til ei utvida forståing og gi ei betre styring av integriteten. Noko av utfordringa i dag ligg i å handtere vidt forskjellige typar data, dataformat, datamengder, kvalitet og nøyaktigheit og deretter sy dette saman til ein heilskap. I dag er ei rekke vurderingar til sist kvalitative og basert på menneskeleg involvering. Vi meiner at ein med rett kompetanse, system og verktøy kan gjere denne vurderinga meir kontinuerleg og kvantitativ med bruk av datateknologi og digitalisering.
Kontinuerleg forbetring
Gjennom blant anna styringsforskrifta §19 om innsamling, bearbeiding og bruk av data, innretningsforskrifta § 8 om sikkerheitsfunksjonar, §17 om instrumentering for overvaking og registrering, og aktivitetsforskrifta § 31 om overvaking og kontroll, §47, er det krav til at forhold som er av betydning for ei helse- og sikkerheitsmessig forsvarleg utføring av aktivitetane, blir overvaka og halde under kontroll til ei kvar tid. Dei involverte selskapa skal kjenne tilstanden til utstyret sitt både enkeltvis og samla og jobbe kontinuerleg for å redusere risiko. I tillegg skal ein og jobbe kontinuerleg for å identifisere dei prosessane, aktivitetane og produkta der det er behov for forbetring, og sette i verk nødvendige forbetringstiltak.
Arbeidet har omfatta følgjande tema med referanse til integritet for røyrleidningssystem (inkludert stigerøyr) og undervassanlegg:
- Oversikt over typiske røyrleidningssystem og undervassanlegg og definering av grensesnitt for studia
- Identifisering og oversikt over informasjon tilgjengeleg som kan gi betre oppfølging og integritetsstyring (kvalitativ vurdering av nytte / informasjon)
- Modellar for integritetsutvikling / degradering
- Oversikt over teknologiar og løysingar som kan nyttast for å samle data og gi meir påliteleg informasjon, inkludert kvalitativ vurdering av nytte.
- Initiativ til forbetring og deling av erfaringar