Spørsmål

I samband med ein risikoanalyse for graviditet på arbeidsplassen prøver me å finne ut kva reglar som gjeld for arbeid offshore under svangerskap. Me meiner å ha høyrt om ein regel om at den gravide ikkje skal arbeide offshore etter tredje eller femte svangerskapsmånad, men me veit ikkje om dette er lovfesta eller ein intern regel i eit operatørselskap. Me har heller ikkje klart å finne informasjon om dette på Ptil sine nettsider.

I vårt tilfelle gjeld det tilsette i eit serviceselskap med periodevis offshorereising og turar på mellom tre og fjorten dagar.

Etter arbeidsmiljølova (aml) har den gravide krav på pausar ved behov og tilrettelegging av arbeidsoppgåver. Me reknar med at denne delen av aml òg gjeld for arbeid offshore, men korleis vil arbeidsgivar sitt ansvar for dette vere når arbeidet vert utført utanfor arbeidsgivar sine lokale, og dermed er vanskeleg å påverke og kontrollere?

I det siste har det kome fram at skiftarbeid kan verke negativt under eit svangerskap, og kan auke risikoen for spontanabort. Er det reglar om skiftarbeid for gravide, eller er dette opp til den enkelte arbeidsgivar og arbeidstakar?

Svar

De spør for det første om det er ein regel om at gravide ikkje skal arbeide offshore etter ei viss tid.

Dette er regulert i forskrift om helsekrav for personer i arbeid på innretninger i petroleumsvirksomheten til havs. I § 11 om helsekrav står det mellom anna at  "Helsekravene etter denne forskriften er ikke oppfylt ved svangerskap etter 28. uke " .

Helsetilsynet v/fylkeslegen i Rogaland handhevar og kan gi nærare informasjon om denne forskrifta, sjå kontaktinformasjon på nettsida. I tillegg kan selskapa ha sett eigne krav.

De spør vidare om ivaretaking av arbeidsgivar sitt ansvar når arbeidet vert utført utanfor arbeidsgivar sine lokale.

Det er rett at den delen av aml som gjeld ansvar for eit forsvarleg arbeidsmiljø, deriblant tilrettelegging av arbeidsoppgåver, også gjeld offshore. Andre aktuelle krav finn de særleg i forskrift om forplantningsskader og arbeidsmiljø. Også forskrift om utføring av aktiviteter i petroleumsvirksomheten har krav som utfyller aml, sjå særleg kapitel VIII, men ikkje krav som spesifikt gjeld gravide.

På Arbeidstilsynet si nettside finn du informasjon om krava i aml når det gjeld risikovurdering og tilrettelegging for gravide på arbeidsplassen.

Etterleving av arbeidsgivar sitt ansvar for tilrettelegging med meir for gravide som utfører arbeid utanfor arbeidsgivar sine lokale må, på same måte som for andre "utsende" arbeidstakarar, skje gjennom eit samarbeid mellom arbeidsgivar (serviceselskap) og oppdragsgivar (operatøren eller andre). Dersom arbeidsgivaren ikkje kan forsikre seg om at eigne arbeidstakarar har eit forsvarleg arbeidsmiljø, pliktar han å reagere, for eksempel med å ta saka opp med oppdragsgivaren.

Om nødvendig, for eksempel dersom risikovurdering viser at arbeidsmiljøet kan gje forplantningsskade på fosteret, jf. forskrift om forplantningsskade, og risikoen ikkje kan unngåast på andre måtar, pliktar arbeidsgivar å sørgje for omplassering til anna arbeid.

Oppdragsgivar/operatøren vil ha ansvar for å samarbeida om å leggje til rette for at serviceselskapet sine arbeidstakarar har eit forsvarleg arbeidsmiljø. Dette går mellom anna fram av aml § 2-2 om arbeidsgivers plikter overfor andre enn egne arbeidstakere.

Operatøren har også eit særleg ansvar etter petroleumsregelverket til å "påse" at dei som utfører arbeid for han (for eksempel serviceselskap eller andre entreprenørar) etterlever krav i regelverket, deriblant krav i aml. Dette går fram av forskrift om helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten (rammeforskrifta) § 7.

De spør også om det er reglar om skiftarbeid for gravide, eller om dette er opp til den enkelte arbeidsgivar og arbeidstakar.

Det er ikkje spesifikke regelverkskrav om dette, men arbeidsgivaren vil på vanleg måte ha ansvar for å vurdere risikoen og handle deretter, i dialog med arbeidstakar. Sjå elles aml § 10-2 (2) om rett til fritak fra nattarbeid. Denne gjeld ikkje særskild for gravide, men kan vere aktuell også for dei. Sjå også Arbeidstilsynet si veiledning om arbeidstakere som er gravide, nylig har født eller ammer.