Bakgrunnen for seminaret er ei rekke hendingar knytt til fleksible røyr dei seinare åra. I vår årlege oppsummering av risikonivået på norsk sokkel (RNNP) står fleksible røyr for majoriteten av innrapporterte skadar og hendingar med røyrleidningar, stigerøyr og undervassanlegg.

Målet med seminaret er å auke den generelle kunnskapen om integritetsstyring av fleksible røyr og dele erfaringar frå design, installering og drift som kan bidra til risikoreduksjon og kontinuerlig forbetring.