Gå til hovedinnhold

Våre verkemiddel ved regelverksbrot

Ein tilsynsrapport eller ei gransking kan peike på regelverksbrot. Som ansvarleg myndigheit har vi då ei rekke verkemiddel vi kan bruke.


Illustrasjon av virkemiddeltrappen i Ptil

Målet er ikkje å straffe eller å peike ut syndebukkar, men å sørgje for at det vert satt i verk tiltak som gjer at verksemda opererer i samsvar med krava i regelverket.

I etterkant av alvorlige hendingar er det viktig å setje i gang tiltak som bidreg til å hindre liknande hendingar i framtida.

Dialog
Det vanlegaste og mest brukte verkemiddelet vi har er dialog. Skriftlege førespurnader, telefonsamtalar og møter mellom oss og aktørane fører i dei fleste tilfelle til at det vert sett i gang tiltak som sikrar at verksemda vert driven i tråd med krava i regelverket.

Dersom ein revisjon avdekker mindre alvorlege avvik frå regelverket ber vi alltid om ei utgreiing frå aktøren for korleis avvika vil bli handtert, med frist for tilbakemelding. Dette vert gjort i form av skriftleg dokumentasjon, nokre gonger også gjennom møter mellom oss og den aktuelle aktøren.

Varsel om pålegg
Eit pålegg er eit enkeltvedtak fatta i medhald av regelverket. Før vi gir eit pålegg, sender vi som regel eit "varsel om pålegg" til selskapa det gjeld.

Eit varsel om pålegg er verken eit verkemiddel eller ei åtvaring om sanksjon, men eit ledd i saksbehandlinga vår kor vi ber aktøren om å vurdera faktagrunnlaget innan ein gitt frist. Varselet er berre eit første steg før det vert fatta eit enkeltvedtak, og varslingsbrevet inneheld ei nøyaktig attgiving av det enkeltvedtaket som vi planlegg å gi.

Pålegg
Eit pålegg er eit sterkt verkemiddel som er juridisk bindande for mottakaren. Det betyr at selskapet har lovmessig plikt til å etterkomme tiltaka i vedtaket.

Pålegg skal ikkje brukast som reaksjonsform ved eit kvart regelverksbrot, men for å markere at

  • vi ser på regelverksbrotet som alvorleg med omsyn til helse, sikkerheit og beredskap
  • det er nødvendig å reagere strengt på mindre alvorlige regelverksbrot fordi selskapet har vist manglande evne eller vilje til å rette på same eller liknande regelverks­brot når vi har brukt ulovfesta verkemiddel.

Kva inneheld eit pålegg?
I og med at vi har eit funksjonelt regelverk, pålegg vi normalt ikkje gjennomføring av konkrete endringar eller bestemte tekniske løysingar. Det vert berre gjort i tilfelle kor regelverket stiller krav om bestemte løysingar.

Skal konkrete manglar rettast på, gir vi pålegg om å rette på manglane, ikkje om korleis dette skal gjerast.

Dersom vi avdekker omfattande og grunnleggjande manglar ved systemet for styring av helse, miljø og sikkerheit, gir vi som regel pålegg som sikrar ein gjennomgang og endring av styringssystemet.

Når eit varsla pålegg ikkje blir gitt
Det hender at eit varsla pålegg ikkje blir gitt, eller at vi endrar ordlyden i pålegget. Dette kan bli aktuelt dersom

  • det planlagde enkeltvedtaket byggjer på feilaktig grunnlag, for eksempel ved at opplysningar frå adressaten gjer oss overtydd om at vi i varselet har lagt feil faktiske forhold til grunn, og at desse forholda er av vesentlig betyding for enkeltvedtaket.
  • adressaten allereie har gjennomført det som er planlagd å krevja ved enkeltvedtaket.

Eit varsla pålegg vert ikkje sett på som etterkome ved at det berre er utarbeidd planar for det arbeidet som det vert planlagd å gi enkeltvedtak om, unntatt i dei tilfella kor enkeltvedtaket berre krev at det skal utarbeidast planar.  

Krav om stans
Dersom vi avdekker regelverksbrot som krev direkte handling for å sikre at sikkerheita er teke hand om, kan vi krevje stans i verksemda inntil nødvendige tiltak er satt i verk.