Gå til hovedinnhold

Endringar i regelverket

Me fastsette endringar i HMS-regelverket den 18. desember 2017.


Det er snakk om fylgjande regelverk:

  • Forskrift om styring og opplysningsplikt i petroleumsvirksomheten og på enkelte landanlegg (styringsforskrifta) og endra rettleiing
  • Forskrift om utføring av aktiviteter i petroleumsvirksomheten (aktivitetsforskrifta) og endra rettleiing
     
  • Forskrift om utforming og utrusting av innretninger med mer i petroleumsvirksomheten (innretningsforskrifta) og endra rettleiing
     
  • Rettleiing til forskrift om tekniske og operasjonelle forhold på landanlegg i petroleumsvirksomheten med mer (teknisk og operasjonell forskrift)
     
  • Rettleiing til forskrift om helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten og på enkelte landanlegg (rammeforskrifta).

Miljødirektoratet har gjort endringar i aktivitetsforskrifta med rettleiing, og i rettleiinga til rammeforskrifta og innretningsforskrifta.

Statens strålevern har gjort endringar i styringsforskrifta og aktivitetsforskrifta med rettleiingar, og i rettleiinga til rammeforskrifta.

Fylkesmannen i Rogaland har gjort endringar i aktivitetsforskrifta med rettleiing, og i rettleiinga til innretningsforskrifta og teknisk og operasjonell forskrift.

Dei andre etatane fastsette endringane same dato som me gjorde det.  

Endringane i forskriftene trer i kraft 1. januar 2018. Endringane i rettleiingane gjeld frå same dato. 

MERK: Det også er gjort endringar i rammeforskrifta, men desse må fastsetjast i statsråd før dei trer i kraft og kan leggjast ut. Me ventar med å leggja ut den endra rettleiinga til så er tilfelle.

Sjå dokument med alle endringar nedanfor.

Kontaktpersonar hos oss
Hilda Kjeldstad, e-post: hilda.kjeldstad@ptil.no
Hans Spilde, e-post: hans.spilde@ptil.no