Gå til hovedinnhold

Endringar i HMS-regelverket

Petroleumstilsynet fastsette endringsforskrifter den 15. desember 2016. Det vart også gjort endringar i rettleiingar.


Det er snakk om fylgjande regelverk:

  • Forskrift om endring i forskrift om styring og opplysningsplikt i petroleumsvirksomheten og på enkelte landanlegg (styringsforskrifta) og endra rettleiing
  • Forskrift om endring i forskrift om tekniske og operasjonelle forhold på landanlegg i petroleumsvirksomheten med mer (teknisk og operasjonell forskrift) og endra rettleiing
  • Forskrift om endring i forskrift om utføring av aktiviteter i petroleumsvirksomheten (aktivitetsforskrifta) og endra rettleiing 
  • Endra rettleiing til forskrift om utforming og utrusting av innretninger med mer i petroleumsvirksomheten (innretningsforskrifta)

Miljødirektoratet har gjort endringar i aktivitetsforskrifta med rettleiing.

Statens strålevern har samtidig gjort endringar i rettleiinga til rammeforskrifta,i det som gjeld eige ansvarsområde.

Helsedirektoratet og Mattilsynet gjorde ingen endringar. 

Endringsforskriftene trer i kraft 1. januar 2017. Endringane i rettleiingane gjeld frå same dato. 

MERK: Det også er gjort endringar i rammeforskrifta, men desse må fastsetjast i statsråd før dei trer i kraft og kan leggjast ut. Me ventar med å leggja ut den endra rettleiinga til så er tilfelle.

I rammeforskrifta er det gjort endringar for å presisera at HMS-regelverket også omfattar radioaktiv forureining og handtering av radioaktivt avfall, slik at Strålevernet skal kunna nytta dette regelverket i samband med arbeid med løyveetter forureiningslova og ved føring av tilsyn. Endringane vert fastsette i statsråd.

Sjå fastsette endringsforskrifter og endra rettleiingar nedanfor.

Kontaktpersonar i Petroleumstilsynet: 
Hilda Kjeldstad, e-post: hilda.kjeldstad@ptil.no

Hans Spilde, e-post: hans.spilde@ptil.no