Gå til hovedinnhold

Endringar i HMS-regelverket

Petroleumstilsynet fastsette endrings- og opphevingsforskrifter den 16. desember d.å. Det vart også gjort endringar i rettleiingar.


Det er snakk om fylgjande regelverk:

  • Forskrift om endring i forskrift om styring og opplysningsplikt i petroleumsvirksomheten og på enkelte landanlegg (styringsforskrifta) og endra rettleiing
     
  • Forskrift om endring i forskrift om utføring av aktiviteter i petroleumsvirksomheten (aktivitetsforskrifta) og endra rettleiing  
  • Forskrift om endring i forskrift om utforming og utrusting av innretninger med mer i petroleumsvirksomheten (innretningsforskrifta) og endra rettleiing
  • Forskrift om endring i forskrift om tekniske og operasjonelle forhold på landanlegg i petroleumsvirksomheten med mer (teknisk og operasjonell forskrift) og endra rettleiing
     
  • Forskrift om oppheving av forskrift om boring etter petroleumsforekomster i indre norsk farvann, norsk sjøterritorium og den del av kontinentalsokkelen som er undergitt norsk statshøyhet

Petroleumstilsynet har også gjort endringar i rettleiinga til forskrift om helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten og på enkelte landanlegg (rammeforskrifta).

I tillegg vart rettleiinga av 22. januar 1991 nr. 71 om vurdering av pusteutstyr til bruk ved bemannede undervannsoperasjoner i petroleumsvirksomheten opphevd.

Miljødirektoratet har gjort endringar i styringsforskrifta med rettleiing og i aktivitetsforskrifta med rettleiing. Endringsforskriftene vart fastsette same dato som i Petroleumstilsynet.  

Helsedirektoratet og Mattilsynet gjorde ingen endringar. 

Endringsforskriftene trer i kraft 1. januar 2015. Endringane i rettleiingane gjeld frå same dato.  Opphevingsforskrifta trer i kraft straks.

Sjå endrings- og opphevingsforskriftene og dei endra rettleiingane nedanfor.

Kontaktpersonar i Petroleumstilsynet: 
Ole Andreas Bull, e-post: ole.andreas.bull@ptil.no
Hans Spilde, e-post: hans.spilde@ptil.no