Gå til hovedinnhold

Tilsyn med subseakompresjon på Åsgard

Ptil førte torsdag 3. oktober 2013 tilsyn med Åsgard undervannskompresjonsprosjekt hjå Statoil i Stavanger.


Tilsynsaktiviteten er i første rekke knytt til Ptil si hovudprioritering innan ytre miljø og forebygging av akutte utslepp der vi har ei spesiell oppfølging knytt til havbunnsanlegg.

Undervannskompresjonsprosjektet på Åsgard er av stor strategisk betydning for framtidig utvikling subsea. Det involverer teknologikvalifisering og samtidig drift og modifikasjon. I tilsynsaktiviteten har vi og fokusert på læring og erfaringsdeling.

Mål
Målet med tilsynsaktiviteten er å følgje opp at prosjektet blir planlagt og gjennomført i samsvar med gjeldande regelverk og anerkjente normer og at krava i forskrifter om helse, miljø og sikkerheit er ivareteke. I tillegg vil vi få ei oppdatering på prosjektet og teknologistatus subsea.

Resultat
I tilsynsaktiviteten ba Ptil om ein gjennomgang av følgjande tema:

  • Organisering, framdrift og kontraktar
  • Styrande dokument i prosjektet
  • Risikostyring med usikkerheiter
  • Plan for eiga monitorering og oppfølging av leverandørar og resultat frå eventuelle gjennomførte aktivitetar
  • Kvalitetssikring og kvalitetskontroll
  • Barrierar og vedlikehald
  • Kvalifisering av ny teknologi
  • Kapasitet og kompetanse
  • Førebuing til drift

Det vart ikkje avdekka avvik eller forbetringspunkt i tilsynsaktiviteten.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77