Gå til hovedinnhold

Tilsyn med Statoil – Visund

Vi har ført tilsyn med integritets- og barrierestyring av fleksible stigerøyr med tilhøyrande sikkerheitsutstyr på Visund.


Mål
Målet med aktiviteten var å følgje opp utfordringar knytt til fleksible stigerøyr som blant anna vart avdekka under gransking av fleksible stigerøyr på Visund og Njord i 2011, og å sjå til at integritets- og barrierestyringa for fleksible stigerøyr med tilhøyrande sikkerheitsutstyr er i henhold til selskapet sine eigne krav og krav i regelverket. 

Resultat
Det blei identifisert to avvik knytt til:

  • Prosessbrann
  • System for nødavstengning

 Vidare blei det identifisert seks forbetringspunkt knytt til:

  • Testing av sikringssystem for overtrykking
  • Beredskapsmanual
  • Rapportering og oppfølging av ventilar i vedlikehaldssystem
  • Dekksrister i komposittmaterial i evakueringsvegar
  • Kompetanse
  • Trykkavlasting av stigerøyr

Statoil har fått frist til 8. desember 2017 med å gjere greie for korleis avvika og forbetringspunkta vil bli handterte.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77