Gå til hovedinnhold

Tilsyn med Statoil - Polarled

I perioden 19.-20. august 2014 førte Ptil tilsyn med betongpåføring av røyr til Polarled-røyrleidningen.


Ptil gjennomførte ein tilsynsaktivitet med påføring av betongbelegg av Polarled røyrleidning. Tilsynsaktiviteten var retta mot Statoil og selskapet si oppfølging av leverandørar.

Røyrleidningsprosjektet Polarled omfattar ein 481 km lang 36" røyrleidning (Polarled) mellom Aasta Hansteeninnretninga i Norskehavet og landanlegget Nyhamna i Møre og Romsdal. Prosjektet er av stor strategisk betydning for framtidig utvikling i Norskehavet.

Statoil er operatør for utbygginga av Polarled. Firmaet Wasco er tildelt arbeidet med påføring av betongbelegg på rundt 40 000 enkeltrøyr.

Tilsynet var gjennomført med møter, samtalar, verifikasjon og dokumentgjennomgang hjå Wasco i Mo i Rana 19.-20. august 2014.

Bakgrunnen for tilsynsaktiviteten er knytt til korleis Statoil ivaretek regelverkskrav i relevante forskrifter.

Tilsynsaktiviteten påviste ikkje avvik i forhold til petroleumsregelverket, men vi fann to områder med potensial for forbetring. Dette var innan styringssystem og selskapet si eiga oppfølging.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77