Gå til hovedinnhold

Tilsyn med Statoil - Johan Sverdrup eksportrøyr

Vi har ført tilsyn med Statoil sitt arbeid med kvalifisering av belegg for feltskøytar på røyr for Johan Sverdrup eksportrøyr.


Ptil gjennomførte 3. og 4. oktober 2017 ein tilsynsaktivitet mot Statoil, kor vi såg på at oppfølging og kvalifisering av feltskøytar for eksportrøyra til Johan Sverdrup blir utført i henhold til selskapet sine eigne krav og krav i regelverket.

Tilsynet identifiserte ingen avvik frå regelverket. Vi observerte tre områder med potensial for forbetring. Desse områda er dokumenthandtering, fabrikasjon og tekniske spørsmål knytt til leveransen og langtidstesting av polymere material.

Vi har bede Statoil om ei vurdering av desse forbetringpunkta innan 8. desember 2017.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77