Gå til hovedinnhold

Tilsyn med kontrollromsløysing på Valemon

Ptil har gjennomført tilsyn med Statoils implementering av den planlagde kontrollromsløysinga for Valemon.


Statoil er operatør på Valemon, som er eit gass- og kondensatfelt i blokkene 34/11 og 34/10 i den nordlege delen av Nordsjøen. Feltet ligg vest for Kvitebjørnfeltet, om lag 160 kilometer vestnordvest for Bergen. Havdjupna på staden er 135 meter.

Statoil planlegg for at produksjonsinnretninga på feltet etter kvart skal vere bemanna to veker og ubemanna i fire veker.  Då vil innretninga verte styrt frå eit kontrollrom på land. Når innretninga er bemanna, vil kontrollrommet på Valemon òg vere bemanna.

Ptil har hatt fleire møte med Statoil knytt til val av kontrollromløysing. Tilsynsaktiviteten som vart gjennomført 20.5.2015 var ei oppfølging av desse møta.

Formålet med tilsynet var å verifisere at den løysinga Statoil har vald, vert implementert på ein forsvarleg måte og i samsvar med krava i regelverket.

Tilsynet vart gjennomført hos Statoil på Sandsli i form av presentasjonar og intervju, og omfatta tema som:

  • Behov for bemanning ved vedlikehald
  • Bemanning av kontrollrommene
  • Beredskapsleiing
  • Bruken av CCTV (Closed circuit television)
  • Arbeidstakarmedverking
  • Arbeidsmiljø og Human Factors

Ptil meiner at Statoil har ein systematisk tilnærming til utfordringar knytt til å flytte kontrollfunksjonen til land.

 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77