Gå til hovedinnhold

Tilsyn med Equinor – Snorre utvidingsprosjekt

Vi har ført tilsyn med Equinor Energy (Equinor) og fabrikasjonen av subsea ventiltre til Snorre utvidingsprosjektet.


Tilsynsaktiviteten vart gjennomført 5. og 6. februar 2019.

Mål
Målet med tilsynet var å sjå til at fabrikasjon av subsea ventiltre til Snorre utvidingsprosjektet er i henhold til selskapet sine eigne krav og krav i regelverket. Eit delmål var og å følgje opp korleis prosjektet utfører si påseplikt mot leverandøren TechnipFMC.

Resultat
Det vart ikkje identifisert nokon avvik under tilsynet, men vi observerte to områder med potensial for forbetring. Dette gjeld oppfølging av leverandør og kvalifisering av material.

Kva skjer no?
Vi har bedt om tilbakemelding frå Equinor innan 11. april 2019

 

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77