Gå til hovedinnhold

Tilsyn med Equinor – Johan Castberg

Vi har ført tilsyn med Equinor retta mot design og fabrikasjon av dreieskive (turret) til FPSO Johan Castberg.


Tilsynsaktiviteten blei gjennomført 13. og 14. mars 2019.

Mål
Målet med aktiviteten var å sjå til at prosjektering og fabrikasjon av turret / dreieskive for FPSO Johan Castberg er i henhold til selskapet sine eigne krav og krav i regelverket. Eit delmål var og å følgje opp korleis selskapet utfører si påseplikt mot leverandørane.

Resultat
Det blei ikkje identifisert avvik under tilsynet.

Det blei observert forbedringspunkt relatert til:

  • Selskapet si eiga oppfølging
  • Verifikasjon av design
  • Teknisk ansvarleg for konstruksjonar
  • Førebuing til drift
  • Styring av prosjektgjennomføringa
  • Styring av kompetanse

Kva skjer no?

Vi har bedt Equinor innan 10. mai 2019 gje oss tilbakemelding med si vurdering av dei forbedringspunkta vi observerte.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77