Gå til hovedinnhold

Tilsyn med berande konstruksjonar, maritime system og stigerøyr - Aasta Hansteen

I perioden 10. – 11. september 2013 førte Ptil tilsyn med Statoil si utbygging av Aasta Hansteen-feltet. Tilsynet var retta mot berande konstruksjonar, maritime system og stigerøyr.


Ptil har gjennomført ein tilsynsaktivitet mot Statoil med detaljprosjektering av skrog og stigerøyr for Aasta Hansteen FPSO. Tilsynsaktiviteten vart gjennomført med møter og samtalar i Technip (leverandør av prosjekteringstenester) sine lokaler i Houston, Texas 10. -11. september 2013.

Bakgrunn
Tilsynsaktiviteten er i første rekke knytt til Ptil si hovudprioritering Barrierar.

Aasta Hansteen-prosjektet er av stor strategisk betydning for framtidig utvikling av infrastruktur nord i Norskehavet.

Det er den djupaste feltuviklinga så langt på norsk sokkel, det involverer ny teknologi for Statoil og norsk sokkel med SPAR-innretning kombinert med stålstigerøyr, og det involverer fleire områder med teknologikvalifisering.

Mål
Målet med tilsynsaktiviteten er å følgje opp at prosjektet blir planlagt og detaljprosjektering blir gjennomført i samsvar med gjeldande regelverk og anerkjente normer og at relevante krav i forskrifter om helse, miljø og sikkerheit er ivareteke.

Resultat
Tema for tilsynsaktiviteten var å følgje opp dokumentasjonen knytt til detaljprosjekteringa av skrog (SPAR), stigerøyr, forankringssystem og stabilitet for Aasta Hansteen innretninga der vi tok utganspunkt i:

  • innretningsforskrifta § 11 om laster, lastvirkningar og motstand,
  • innretningsforskrifta § 56 om bærande konstruksjonar og maritime system,
  • innretningsforskrifta § 57 om røyrleidningssystem og
  • innretningsforskrifta § 9 om kvalifisering og bruk av ny teknologi og nye metodar, inkludert tilhøyrande rettleiingar og standardar.

Resultata bygger på møter, samtalar, presentasjonar, verifikasjon og dokumentgjennomgang med Technip og Statoil sin organisasjon i Houston.

Tilsynsaktiviteten har identifisert eitt avvik i forhold til petroleumsregelverket. Avviket omhandlar krav i høve til ballastsystem.

Det er vidare identifisert eitt område med potensial for forbetring, knytt til oppfølging av verifikasjonsaktivitetar.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77