Gå til hovedinnhold

Tilsyn med Aker BP – Tambar

Vi har ført tilsyn med Aker BP si risiko- og barrierestyring på Tambarfeltet.


Tambar er eit oljefelt i den sørlege delen av norsk sektor i Nordsjøen, om lag 16 kilometer søraust for Ula. Feltet er bygt ut med ei fjernstyrt brønnhovudinnretning utan prosessutstyr, og starta produksjonen i 2001. Styringa av Tambar skjer frå Ulafeltet.

I perioden 24. august til 21. september 2017 førte vi tilsyn med Aker BP si styring av risiko og barrierar i driftsorganisasjonen til Tambar.

Målet med tilsynet var å vurdere korleis Aker BP sikrar etterleving av myndigheitskrav, anerkjente standardar og eigne krav innan risiko- og barrierestyring ved drift og vedlikehald av Tambar.

Vi var spesielt opptekne av:

- Korleis Aker BP ivaretek føresetnader som er kommunisert i samband med søknad om samtykke til bruk av Tambar utover planlagd levetid.

- Korleis endringar som følgje av samanslåinga mellom Det norske og BP Norge påverker risiko- og barrierestyringa på Tambar.

Resultat
Resultata byggjer på vår vurdering av presentasjonar Aker BP ga i tilsynet, gjennomgang av dokumentasjon, samtalar med utvald personell og vernetenesta, verifikasjonar ombord på Tambar, samt stikkprøvar i systemet for styring av vedlikehald.

Tilsynet identifiserte tre avvik frå regelverket. Avvika var innanfor følgjande område:

  • System for barrierestyring for Tambar
  • Innretningsspesifikk informasjon for handtering av feil, fare- og ulukkesituasjonar
  • Beredskapsplan

Det blei vidare identifisert eitt forbetringspunkt knytt til selskapet sine prosessar for styring av risiko.

Vi har bedt Aker BP melde tilbake til oss innan 4. desember 2017 og greie ut om korleis dei handterer desse avvika.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77