Gå til hovedinnhold

Tilsyn med Aasta Hansteen-prosjektet

Tilsyn med fabrikasjon av skrog til Aasta Hansteen-innretning.


Statoil er operatør på Aasta Hansteen-feltet, som ligg i blokkene 6706/12 og 6707/10 i Norskehavet, om lag 320 kilometer vest for Bodø. Feltet som ligg på 1270 meter havdjup er under utbygging. Aasta Hansteen vil bli bygd ut med ei flytande integrert innretning av typen Spar og to havbotnrammer med i alt åtte brønnslissar.

Ptil har ført tilsyn med korleis Statoil styrer prosjektet med omsyn til oppfølging av fabrikasjonen av skroget til spar-innretninga og oppfølging av leverandørar. Tilsynet vart i hovudsak gjennomført ved Hyundai Heavy Industries sitt kontor og fabrikasjonsanlegg i Ulsan i Sør-Korea 21. - 23. oktober 2014.

Det vart ikkje identifisert nokon avvik gjennom dette tilsynet.

Det vart identifisert forbetringspunkt med omsyn til:

  • Dokumenthandtering
  • Kompetanse og kvalifisering
  • Beslutningsgrunnlag ved overgang frå design til fabrikasjon


Avvik:
Inneber at eit tilhøve er vurdert til ikkje å vere i samsvar med krav i regelverket.

Forbetringspunkt:
Inneber at vi har påvist ein mangel eller svakheiter, men at det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å fastslå brot på krav i regelverket.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77