Gå til hovedinnhold

Samtykke til bygging av nytt VRU-anlegg på Mongstad

Vi har gitt Statoil samtykke til bygging av eit nytt anlegg for gjenvinning av oljedamp på Mongstadanlegget i Hordaland.


I 2014 vart det innført nye EU-forskrifter om reduksjon av utslipp av flyktige organiske forbindelsar (VOC) frå lagring og lasting av hydrokarboner i raffineri.

Statoil, som skiper ut bensin og nafta frå fleire kaiar på Mongstadraffineriet i Hordaland, har derfor søkt Ptil om samtykke til å byggja eit nytt anlegg for gjenvinna oljedamp frå lastinga.

Anlegget – kalla Vapour Recovery Unit (VRU) – skal etter planen setjast i drift sommaren 2019.

Ptil har gitt Statoil samtykke i tråd med søknaden deira.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77