Gå til innholdGå til toppmenyGå til venstremeny
PTIL LOGO
HMS-styring, brønnsikkerhet, konstruksjonssikkerhet, prosessikkerhet, arbeidsmiljø, ytre miljø, kran og løft, dykking, beredskap, landanlegg Lover, forskrifter, veiledninger, fortolkninger, avtaler, skjema Tilsynsrapporter, granskinger, pålegg, samsvarsuttalelser (SUT), samtykker, likelydende brev, fagrapporter/seminarer Vår organisasjon, kontaktinfo, rolle og ansvarsområde, partssamarbeid, internasjonalt samarbeid, jobb i Ptil, informasjonstjenester Nyheter, presserom, fakta og statistikk, publikasjoner, prioriterte områder, nyttige lenker, offentlig journal


Tilsynsrapporter

Tilsynsrapporter

Alle rapportar etter revisjonar og verifikasjonar publiserer me på nett (sjå høgre spalte).

Petroleumstilsynet fører tilsyn med at næringa etterlever dei rammene og vilkåra som er fastsett for verksemda.

Plikter og ansvar
Alle aktørar som deltar i petroleumsverksemda plikter å sikre at regelverket blir etterlevd. 

Rettshavarane i eit utvinningsløyve har i hovudsak ansvar for å leggje rammene til rette for at operatøren skal kunne gjennomføre sine oppgåver. Rettshavarane skal også sjå til at operatøren gjennomfører desse oppgåvene.

Operatøren er den som på vegne av rettshavarane står for den daglege leiinga av  petroleumsverksemda. Han plikter å sikre at regelverket blir følgt og skal sjå til at reglane blir følgt også av dei som utførar arbeid for han.

Alle arbeidstakarar har eit medverkaransvar.

Tilsynsplan
Petroleumstilsynet utarbeider kvart år ein årleg tilsynsplan. Den inneheld alle planlagde tilsynsoppgåver, medrekna revisjonar og verifikasjonar. Tilsynsplanen er ikkje offentleg. Han blir heller ikkje gjort kjent for aktørane eller samfunnet elles. Tilsynsplanen er basert på

  • årlege prioriteringar frå departementet (f.eks løfteoperasjonar, gasslekkasjar)
  • aktivitetsplanar frå operatørane og deira eigne planlagde tilsyn
  • innspel frå SFT, Helsetilsynet og andre etatar som me samarbeider med
  • observerte trendar
  • vår erfaring om korleis aktørane driv sine verksemder
  • ulykker og hendingar
  • konsekvensar av nytt eller revidert regelverk

Revisjonar og verifikasjonar

  • Gjennom revisjonar (systematisk gransking av styrings- og kontrollsystem) utførar me tilsyn med dei etablerte systema.
  • Ved hjelp av verifikasjonar (måling, testing, inspeksjon) kontrollerar me om dei faktiske tilhøva er i samsvar med regelverket og krava i styringssystema. Dette skjer ofte i samarbeid med Statens forureiningstilsyn (SFT) og Helsetilsynet - eller andre som Petroleumstilsynet gir myndigheit.

Verkemidlar
Mellom Petroleumstilsynet og aktørane på norsk sokkel er det ein kontinuerleg dialog. Denne dialogen skal påverke avgjerder og handlingar i næringa og står sentralt i vår tilsynsstrategi. Fører ikkje dialogen fram, kan me nytte lovfesta verkemidlar.

Eit vanleg tiltak er å gi varsel om pålegg, og deretter pålegg. I alvorlege situasjonar som trugar tryggleiken, kan me krevje ein mellombels stans av aktiviteten. Vidare kan Ptil i meir alvorlege tilfelle gi tvangsmulkt eller gjennom politiet/påtalemakta setje i gang etterforsking som kan føre til straff.

RelevantPublisering av tilsynsresultaterVåre hovedprioriteringerVåre roller og ansvarsområderÅrlige status- og signalmøter