Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring for Wintershall

Wintershall har fått samtykke til å bore ein leitebrønn i blokk 35/11.


Wintershall Norge AS (Wintershall) er operatør for utvinningsløyve 248 i Nordsjøen. Brønnen skal borast i eit prospekt kalt Orion og har nemninga 35/11-19S. Lokasjonen er om lag 98 km vestsørvest for Florø og har dei geografiske koordinatane

  • A 03o 26' 27,88"
  • N 61o 13' 21,45"

Havdjupna på staden er 379 meter. 

Boringa vil tidlegast starte i midten av mai, og er rekna å vare frå 47 til 134 dagar. Varigheita avheng av om det blir gjort funn, noko som vil føre til boring av sidestegsbrønnar.

Boringa skal gjennomførast med Borgland Dolphin, som er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3. Innretninga er eid av Fred. Olsen Energy ASA og operert av Dolphin Drilling AS. Ho ble bygd som flotell i 1977 og ombygd/oppgradert til boreinnretning i 1999.

Borgland Dolphin fekk samsvarsuttalelse (SUT) frå Ptil i september 2004.

Ptil har gitt Wintershall samtykke til leiteboringa.