Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring for Faroe Petroleum

Faroe Petroleum har fått samtykke til å bore ein leitebrønn i blokk 37/1.


Faroe Petroleum Norge AS (Faroe Petroleum) er operatør for utvinningsløyve 740 i Nordsjøen. Leitebrønnen som skal borast er den første i dette utvinningsløyvet. Den skal borast i eit prospekt kalt Brasse og har nemninga 31/7-1. Lokasjonen er 16 km søraust for Oseberg A og ca 93 km vest for Sotra i Hordaland. Dei geografiske koordinatane er

  • A 03o 01' 28,26"
  • N 60o 25' 31,56"

Havdjupna på staden er 188 meter. 

Boringa vil tidlegast starte i siste halvdelen av mai, og er rekna å vare i inntil 57 dagar.

Boringa skal gjennomførast med Transocean Arctic, som er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning operert av Transocean Offshore (North Sea) Ltd NUF. Ho blei bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987 og blei betydeleg oppgradert i 2004.

Transocean Arctic fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2004.

Ptil har gitt Faroe Petroleum samtykke til leiteboringa.