Gå til hovedinnhold

(TIL § 14) KRAVA TIL REGELVERKSKOMPETANSE

6/10/2008   KRAVA TIL REGELVERKSKOMPETANSE

 

SPØRSMÅL  

Er regelverkskompetanse obligatorisk? Kva er krava i regelverket for sokkelen?

 

SVAR             

I realiteten, ja, for det ansvaret ein har etter HMS-regelverket for petroleumsverksemda på sokkelen, tilseier også at ein er i stand til å oppfylla det, jf. rammeforskrifta § 7 om ansvar etter denne forskrifta. Det går ikkje utan regelverkskompetanse, jf. også teksten i aktivitetsforskrifta § 21 om kompetanse:

 

”Det skal sikres at personellet til enhver tid har den kompetansen som er nødvendig for å kunne utføre aktivitetene på en trygg måte og i henhold til helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen. I tillegg skal personellet kunne håndtere fare- og ulykkessituasjoner, jf. styringsforskriften § 14 om bemanning og kompetanse og denne forskriften § 23 om trening og øvelser.”

 

Sjå også rammeforskrifta § 12 om organisasjon og kompetanse og rammeforskrifta § 18 om kvalifisering og oppfølging av andre deltakarar.

 

I tillegg er det sett særskilte kompetansekrav til visse kategoriar personell ved at

  • arbeidsgjevarar kjem inn under arbeidsmiljølova § 3-5 om plikt for arbeidsgjevar til å gjennomgå opplæring i helse-, miljø- og tryggleiksarbeid, sjå rettleiinga,
  • verneombod og medlemmer av arbeidsmiljøutval kjem inn under verneombodforskrifta § 12 om opplæring av verneombod og medlemmer av arbeidsmiljøutval,
  • sistnemnde opplæring også er kravd for leiarar og andre med ansvar for avgjerder som gjeld arbeidsmiljøet, jf. aktivitetsforskrifta § 22 første ledd.

 

 

OPPLÆRING            

Grunnleggjande regelverkskompetanse, jf. dei generelle krava ovanfor, kan ein skaffa seg gjennom grunnkurset til RVK - Regelverkskompetanse for petroleumsnæringa. Kurset er også ein måte å oppfylla arbeidsmiljølova § 3-5 på, kravet til arbeidsgjevarar (her dei som kjem inn under vårt regelverk).

 

RVK er eit trepartssamarbeid som me tek aktivt del i, jf. tilvisinga på nettstaden vår, høgre spalte.

 

Kurstilboda frå RVK finn du her.