Bilde av walk-to-workløsning

Enklare for innretningar



Ptil ser positivt på nye utbyggingskonsept, så lenge sikkerheita blir tatt vare på.

Alle innretningar på norsk sokkel skal byggast i samsvar med innretningsforskrifta. Sidan 2001 har forskrifta opna for bruk av enklare løysingar på mindre, ubemanna innretningar utan bustadkvarter – såkalla enklare innretningar. Når personell skal om bord, blir dei frakta til og frå med helikopter. Det er bygd ei rekke slike innretningar på norsk sokkel.

Dei siste åra har nye løysingar kome til. Fleire selskap planlegg no å bruka såkalla walk to work-metodar, kor personellet bur om bord på eit fartøy og entrar innretninga via ei gangbru frå fartøyet.

Oseberg H
Eitt slikt eksempel er Oseberg Vestflanken 2, eit felt som blir bygd ut med ei botnfast, ubemanna brønnhovudinnretning; Oseberg H. Dette er den første innretninga på norsk sokkel utan naudkvarter og helikopterdekk.

Oseberg H vil i staden ha permanent kopling til eit støttefartøy i periodar då det er behov for personell om bord på innretninga. Løysinga er ny på norsk sokkel.

- I eit slikt konsept er det støttefartøyet som tek vare på sikkerheitsfunksjonar som vanlegvis er på innretninga. For eksempel vil evakuering skje til fartøyet i staden for til livbåt på innretninga. Fordi innretninga er så avhengig av støttefartøyet, ser me på desse som éi, integrert eining når selskapa skal vurdera risiko, seier Ove Hundseid i Ptil.

Regelverk
Hundseid er prosjektleiar for ei arbeidsgruppe i Ptil som jobbar med å vurdera forskriftene på området og foreslå eventuelle endringar. Målet er å oppdatera regelverket i samsvar med den teknologiske utviklinga.

- Walk to work byr på nokre utfordringar, sidan det norske HMS-regelverket ikkje er skrive med tanke på denne typen løysingar. I tillegg planlegg næringa no også for utbyggingar med bruk av enklare innretningar med prosessanlegg, seier han.

- Men regelverket skal ikkje avgrensa mogelegheitene desse løysingane gir - så lenge verksemda er forsvarleg, understrekar Hundseid.

Forslag til regelverksendringar skal etter planen sendast på høyring i løpet av 2017.