Hvordan være verdensledende på sikkerhet?

VISJONEN:

Korleis vera verdsleiande på sikkerheit?



Stortinget har som mål at norsk petroleumsverksemd skal vera verdsleiande på helse, miljø og sikkerheit. Kva inneber eigentleg det? Kvar står vi i dag? Vil vi nokon gong kunna fastslå at Noreg er best i verda på sikkerheit? Tilsynsdirektør Ingvill Hagesæther Foss i Ptil svarer på spørsmåla.

Målet om å være verdsleiande har vore viktig for utviklinga vi har hatt innafor helse, miljø og sikkerheit i norsk petroleumsverksemd, seier tilsynsdirektøren.

- Ambisjonen er ei konstant spore i arbeidet med å bli betre og stadig styrka sikkerheitsnivået. Utan dette målet, kunne vi risikert at utviklinga hadde stagnert, påpeiker Hagesæther Foss.

- Kven har sagt at vi skal være verdsleiande?

- Målet er stadfesta i sentrale stortingsmeldingar dei siste ti åra. Førre melding kom i 2011. Den sitjande regjeringa har òg fleire gonger understreka at målet står ved lag, sist då arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie vitja Ptil i januar 2016.

- Innan kva område gjeld ambisjonen?

- Målet omfattar alt som fell inn under det norske HMS-regelverket for petroleumsverksemda – og gjeld dermed innanfor storulykkerisiko, sikring og arbeidsmiljø.

- Kva må næringa leggja vekt på for å oppfylla målet?

- Heilskapleg styring og kontinuerleg forbetring er dei to mest sentrale føresetnadene i arbeidet med forbetringar innan HMS.

- Også regjeringa har understreka at desse prinsippa må danna grunnlag for alt HMS-arbeid i næringa, og at prinsippa må leggjast til grunn for avgjerder og tiltak frå aktørane og styresmaktene.

- Andre viktige stikkord er læring av hendingar og samarbeid mellom partane i næringa.

 

- Kva er heilskapleg styring?

- Regelverket krev at løysingar skal vere forsvarlege, både enkeltvis og ut frå ei samla vurdering. Aktørane må utvikla ei heilskapleg tilnærming til styring av ulike typar risiko i sin aktivitet, handtera målkonfliktar og balansera omsynet til sikkerheit, arbeidsmiljø, helse, ytre miljø og verdiskaping.

- For eit operatørselskap, som har overordna ansvar for sin aktivitet, betyr kravet at selskapet skal sjå samla på styringa av verksemda og handteringa av risiko. Sikkerheit skal vera ein integrert del av aktiviteten, ikkje noko som kjem i tillegg til det andre.

- Den nye definisjonen av risiko, der ein legg meir vekt på usikkerheit, tek utgangspunkt i heilskapleg forståing av risiko, poengterer tilsynsdirektøren.

- Kva er kontinuerleg forbetring?

- I petroleumsregelverket er det eit sentralt krav at aktørane skal vidareutvikla og forbetra nivået for helse, miljø og sikkerheit. Kravet om kontinuerleg forbetring er eit berande prinsipp for petroleumsverksemda. Det inneber mellom anna at selskapa systematisk skal vurdera og ta i bruk tilgjengelig teknologi og ny kunnskap.

- Det er selskapsleiinga sitt ansvar å sørga for kontinuerleg forbetring. Arbeidet må vera langsiktig og målretta. Det kan ikkje baserast på skippertak, understrekar Hagesæther Foss.

- Ein kjem aldri i mål med sikkerheitsarbeidet. Ein må alltid vidare.

- Kvifor er læring viktig?

- Vi kan ikkje godta at selskap gjentek feil som kunne vore unngått dersom ein hadde prioritert å læra av eigne eller andre sine feil og erfaringar. Læring av uønskte hendingar er heilt sentralt for å førebyggja ulykker og avgjerande for kontinuerleg forbetring.

- Selskapa må innhenta informasjon og kunnskap om relevante forhold, dela kunnskapen med andre og sørga for at kunnskapen faktisk blir brukt til forbetring og førebygging.

Ptil meiner: Det er selskapsleiinga sitt ansvar å sørga for kontinuerleg forbetring. Arbeidet må vera langsiktig og målretta. Det kan ikkje baserast på skippertak.

-Kva rolle spelar partane for ambisjonen?

- Konstruktivt samarbeid mellom partane i næringa er viktig for å driva HMS-arbeidet i rett retning – og avgjerande for å nå målet om å vera verdsleiande. Eit godt trepartssamarbeid, blant anna gjennom Sikkerhetsforum og Regelverksforum, er ein bærebjelke. Det er viktig at partane gjer sitt for å bevara samhandlinga.

- Er Noreg verdsleiande per i dag?

- Mange har lete seg imponera og inspirera av petroleumsverksemda i Noreg og systemet vi har bygd opp for å forvalta oljerikdommen – eit system der arbeidet med helse, miljø og sikkerheit er ein tydeleg og integrert del.

- Fleire studiar og gjennomgangar viser at standarden i Noreg er høg i internasjonal målestokk. Men er vi dermed verdsleiande? Tal og teljemåtar varier mellom landa, og det finst derfor ikkje statistikk som gjer det mogeleg å direkte samanlikna HMS- nivået i Noreg med andre land.

- Kva bilete teiknar våre nasjonale målingar?

- Kvart år samlar Ptil inn store mengder data frå selskapa for å måla utviklinga av risikonivået i petroleumsverksemda gjennom RNNP. Arbeidet er forankra i Sikkerhetsforum, og målinga har ein viktig funksjon ved å bidra til at partane har felles forståing av situasjonen og utfordringane i næringa.

- Utviklinga gått i rett retning frå 2000, då målingane starta, til og med resultata for 2014*. Næringa har i perioden klart å redusera risikoen på fleire område.

- Samstundes er det viktig å hugsa at det har vore fleire alvorlege hendingar og nestenulukker i løpet av desse åra, både nasjonalt og internasjonalt. Dette illustrerer at det er stort risikopotensial ved petroleumsverksemd.  

- Kan vi nokon gong seia oss nøgde?

- Vi skal anerkjenna gode resultat, men kan aldri seia oss heilt nøgde. Sjølvgodskap er farleg, og sikkerheit vil alltid vera ferskvare. At vi har lukkast med å få til forbetring, er ingen garanti for sikkerheitsnivået i framtida.

- I tider som nå, når det buttar i mot, kan det vera at nokon tenker at det vi har, får vera bra nok. Mange av dei som snakkar om godt nok, peiker tilbake på gamle dagar, og hevdar dei løysningane ein hadde då, bør duga også i dag. Men å gå bakover til eldre løysningar, er neppe positivt - korkje for økonomi eller sikkerheit.

- Næringa må sjå framover. Ein må få til nye løysningar og heile tida tenka utvikling. Dagens regelverk skal ikkje stå i vegen for å tenka nytt, så lenge dei nye løysingane styrkar sikkerheita.

- Korleis vert målet påverka av nedgangstidene?

- La det være heilt klart; ambisjonen om å være verdsleiande gjeld også i tider som no, med nedskjeringar, kostnadskutt og minkande investeringar, slår tilsynsdirektøren fast.

- Vi forstår at selskapa må spara pengar, men godtek ikkje at dette rammar helse, miljø og sikkerheit. Kravet til kontinuerleg forbetring gjeld i alle fasar av verksemda.

- Tiltak for å kutta kostnadar skal også bidra til forbetring av sikkerheit.