Hvordan foregår tilsyn?

REPORTASJE:

Hvordan foregår tilsyn?



Kvart år gjennomfører Ptil sine fagfolk ei rekke tilsynsaktivitetar mot selskapa i petroleumsverksemda. Eit tilsyn kan ha ulike former og innhald. Bli med Ptil om bord på ei flyttbar innretning og sjå korleis ein SUT-verifikasjon kan arta seg.

Når Ptil reiser offshore, går turen som oftast med helikopter frå ein av terminalane langs kysten, frå Sola i sør til Hammerfest i nord. Men om riggen ligg innaskjers, treng ein ikkje helikopter for å flytta folk.

Det er difor Svein Horn og fire andre fagfolk frå Ptil står  på ein kai ved Mongstadbase i Hordaland ein svart morgon i desember og ser ein liten blå og kvit passasjerbåt leggja breisida til.

Målet for ferda er den flyttbare boreinnretninga Songa Endurance og eit to dagar langt tilsyn innanfor områda elektro, vedlikehaldsstyring og boring- og brønnteknologi.

Songa Endurance er ny i Noreg, og riggeigaren Songa Offshore har søkt om samsvarsfråsegn (SUT) for innretninga. Det må dei ha dersom riggen skal jobba på norsk sokkel.

Fensfjorden er ruskete, men den vesle passasjerbåten stampar i veg. To nautiske mil ute skjer eit hav av lys hòl i morgonen. Smått om senn er båten framme, og kan siga inn mellom dei raudmalte beresøylene til Songa Endurance.

Oppstartsmøte
Det største møterommet i riggen sin bustadmodul er innreidd med langbord, storskjerm og videokonferanseutstyr.

Mange frå Songa er involvert i tilsynsaktiviteten, og det vert tett av folk inne på møterommet. Her er leiinga på riggen og sentrale fagfolk frå boring, teknisk avdeling og maritim avdeling. Her er verneombod og representantar for tredjepartsleverandørar. Fleire sentrale folk frå landorganisasjon til reiaren er òg til stades.


Se video fra tilsynet ombord på Songa Endurance.

Plattformsjefen, øvstkommanderande om bord og ansvarleg for sikkerheita til både mannskap og rigg, ønskjer velkommen. Så overlèt han ordet til Svein Horn, Ptil sin oppgåveleiar for tilsynet.

Horn gir ein kort presentasjon av Ptil. Han fortel om målet for tilsynsaktiviteten og legg fram forslag til ein agenda for dei to dagane dei skal vera om bord.

Ein tilsynsaktivitet opnar alltid med eit oppstartsmøte. Alle skal ha klart for seg kva siktemålet med tilsynet er og kva rolle Ptil har.

Horn gjer det også klart at verneombodet om bord kan ha eige møte med Ptil, og  at ombodet har høve til å delta under synfaringa på innretninga.


Intervju
Ettermiddagen første dag går med til intervju med representantar frå leiinga om bord og utvalde fagfolk.

Målet med intervjua er å få fram informasjon. Opplysningane som kjem fram, er viktige for å sjekka om regelverkskrava vert etterlevde, enten det gjeld den tekniske tilstanden til riggen, arbeidsmiljømessige forhold eller system og prosedyrar.

Opplysningane som kjem fram i intervjua, vert samanfatta og vurderte undervegs. Kva har intervjuobjekta fortalt? Kva informasjon har kome fram og kva føringar legg dette for tilsynsaktiviteten vidare?

I tillegg til intervju med fagfolk og leiing er det òg satt av tid til eit møte med verneomboda for å høyre kva dei er opptekne av. Ein slik samtale er fast takst kvar gong Ptil er på tilsyn.

Feltarbeid
Spesialrådgjevar Kjell-Gunnar Dørum arbeider i Ptils sitt fagområde Prosessintegritet. No står han i kjeledress og verneutstyr og er klar for ein runde på innretninga. Med seg har han teknisk sjef på riggen og teknisk leiar frå landorganisasjonen.

Dørum har vedlikehaldsstyring som sitt fagfelt, og har lang erfaring med tilsyn på flyttbare innretningar.

Han legg første stopp på runden til reservedelslageret. Her kikkar han på ein ventil på ein av hylleplassane og ber lageransvarleg finna fram opplysningar om denne i vedlikehaldssystemet.

Regelverket for petroleumsverksemda stiller ei rekkje krav til aktørane i næringa om vedlikehald og vedlikehaldsstyring. Hovudregelen er at innretningar skal haldast ved like på ein slik måte at dei er i stand til å utføra tiltenkte funksjonar i alle fasar av levetida.

Målet til Dørum er blant anna å undersøke om vedlikehaldsstyringssystemet fungerer, og at det er god nok kjennskap til dette blant dei som jobbar om bord.

Notatblokka stikk opp av brystlomma på kjeledressen. Her vert observasjonar frå runden notert.


Kart og terreng
Elektriske anlegg, teknisk sikkerhet og DP*-operasjoner er områda som Jan Sola Østensen og Svein Harald Glette frå fagområdet Prosessintegritet i Ptil fokuserer på. Dei to er spesielt opptekne av det elektriske anlegget på innretninga. Sjefselektrikar, teknisk sjef, DP-operatør og stabilitetssjef er å finna på intervjulista deira.

Kollegaene Svein Horn og Gustav W. Dunsæd frå fagområdet Boring- og brønnteknologi konsentrerer seg om sikkerheitskritisk utstyr og kompetanse.

Dei to har gjennomført ei rekke intervju med folk som jobbar med boring. No er dei på veg opp i høgda på riggen saman med boresjefen.

Med på runden har dei ei lang liste med ting dei vil sjå på. Spesielt er dei opptekne av sikkerheitskritisk utstyr, at utstyret er tilgjengeleg og i god stand, at det er klassifisert og lagt inn i vedlikehaldssystemet.

Frå før har dei sett mange dokument og fått mange opplysningar munnleg. Runden på riggen skal vise om kartet stemmer med terrenget.  

Oppe frå toppen av boretårnet er utsikten upåklageleg. Og bak horisonten, 14 timars segling vestover, ligg Trollfeltet, kor denne riggen skal ha sitt daglege virke med produksjonsboring for Statoil dei neste åra.

Open om observasjonar
Opphaldet om bord på Songa Endurance går mot slutten. To hektiske dagar er til ende. Men før Ptil sine fagfolk går frå borde, held dei eit oppsummeringsmøte, der observasjonar og funn vert presenterte.

Tilbake på kontoret i Stavanger samanfattar tilsynslaget det dei har funne, og skriv rapport til ansvarleg tilsynskoordinator.

Tilsynskoordinator er produktansvarlig for tilsyn (revisjonar/verifikasjonar). Det er han eller ho som på vegne av Ptil si leiing har bestilt tilsynet. Det er også tilsynskoordinator som har vedtaksmyndighet dersom det vert identifisert brot på regelverket og det er naudsynt å varsla eit pålegg.

Er det identifisert brot på regelverket eller forbetringspunkt, ber Ptil selskapet forklara korleis dei vil ta tak i dette. Det vert også sett ein frist for å gje tilbakemelding om korleis selskapet vil handtera eventuelle regelverksbrot.

Eit slikt tilsyn utgjer bare ein del av den totale SUT-verifikasjonen. Ptil baserer det endelege vedtaket på opplysningar søkaren gir i søknaden om tekniske tilhøve på innretninga og selskapet sin organisasjon og system for styring av sikkerheita. Desse opplysningane vert verifiserte gjennom gjennom sakshandsaming og utvalde tilsyn på riggen, som denne på Songa Endurance.

Selskapet eller selskapa som det er ført tilsyn med, får alltid ein kopi av tilsynsrapporten.

Etter at rapporten er sendt til selskapet, vert han publisert på Ptil sin nettstad. Når eit tilsyn er gjennomført som del av ei SUT-handsaming, blir alle rapportane som høyrer med til saka, publiserte samla.

*Dynamisk posisjonering


Kva er tilsyn?

Ptil fører tilsyn med alle aktørar i petroleumsverksemda, både operatørar, rettshavarar, entreprenørar og reiarar. Tilsynsansvaret omfattar heile livssyklusen i verksemda, frå leiteboring, utbygging og drift til stenging og fjerning.

- Tilsyn er eit vidt omgrep, og ein tilsynsaktivitet kan ha ulike former og innhald, forklarar tilsynsdirektør Ingvill Hagesæther Foss i Ptil.

- I tillegg til revisjonar og verifikasjonar omfattar tilsyn møte med selskapa, datainnsamling om ulukker og hendingar, handsaming av selskapa sine utbyggingsplanar, søknader om samtykke til ulike aktivitetar, gransking av ulukker og så vidare.

- Men den mest synlege delen av tilsynet vårt, er når vi dreg ut på innretningane i havet, på landanlegga eller på byggeplassane for å få stadfesta at selskapa etterlever krava i regelverket.

- Tilsynsansvaret vårt startar allereie med planlegginga av eit utbyggingsprosjekt, og held fram gjennom utbygging, drift og til fjerning.

To delar

- Ein revisjon eller verifikasjon har vanlegvis to delar. Det startar gjerne med dokumentgjennomgang og møter med selskapsleiinga. Her får vi informasjon om korleis styringssystema er bygde opp og fungerer, og om prosedyrane selskapet har. Deretter går vi ut i felten for å jamføra det ein har sett og høyrt, med korleis ting fungerer i praksis.

- Tilsynet vårt er risikobasert. Enkelt forklart betyr dette at vi konsentrerer oss om områda der risikoen er høg, og der det er stort farepotensial – eller område der næringa eller enkeltselskap har vist svakheter og ikkje prestert godt nok. Eksempel på slike område er vedlikehaldsstyring, hydrokarbonlekkasjar og brønnkontroll.

Kva gjer vi med regelverksbrot?

- Det er ikkje uvanleg at vi finn avvik frå krava i regelverket i når vi fører tilsyn.

- Tilsynet til Ptil er systemorientert. I tråd med dette ser vi på avvik som symptom på at selskapet sitt styringssystem ikkje har fungert slik det skal. Alle avvik må rettast opp i. Nokre er meir tidskritiske enn andre. Dersom det er snakk om alvorlege brot på regelverket, kan vi gje selskapet pålegg. Om naudsynt, har vi også fullmakt til å stansa verksemd, men det er heldigvis eit verkemiddel vi sjeldan har hatt bruk for, seier Hagesæther Foss.

Prioritering

- Hovudlinjene i tilsynsaktiviteten for det kommande året, blir lagde seinhaustes året før. Vi bruker informasjon frå mange hald for å planleggja og prioritera ressursane, forklarer ho – og understrekar at Ptil er oppteken av balanse mellom storulykketilsyn og arbeidsmiljøtilsyn.