Hva er Ptils rolle?

FØRERHUND OG VAKTBIKKJE:

Kva er Ptil si rolle?



Ptil si oppgåve er å føra tilsyn med sikkerheit, beredskap og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på land. Men kva er eigentleg Ptil sitt mandat, korleis er etaten skrudd saman for å løysa oppgåvene, korleis skjer tilsyn i praksis og kva er rammene for jobben som skal gjerast? Kortversjonen får du her.

Ptil er eit statleg tilsynsorgan med myndigheitsansvar for teknisk og operasjonell sikkerheit, beredskap og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda. Ptil rapporterer til Arbeids- og sosialdepartementet.

Vi er delegert myndigheit til å fastsetja utdjupande forskrifter for sikkerheit og arbeidsmiljø i verksemda, og til å fatta enkeltvedtak i form av samtykker, pålegg, tvangsmulkt, stans av verksemda, forbod, unntak med vidare.

Ptil er også eit direktorat. Eit direktorat er eit statleg organ som utviklar, forvaltar og formidlar kunnskap om sitt fagfelt/saksområde.

Direktoratrolla medfører å gje råd til overordna departement, og å være kompetanseorgan overfor sektoren, andre myndigheiter og for ålmenta.

Kva er Ptil sitt ansvar?

Ptil sitt tilsynsansvar omfattar petroleumsverksemda på heile den norske kontinentalsokkelen, i tillegg til åtte petroleumsanlegg på land og tilhøyrande røyrleidningssystem.

Tilsynsansvaret omfattar operatørselskap, rettshavarar, entreprenørar og reiarar, og det famnar om heile livssyklusen i petroleumsverksemda - frå leiteboring, utbygging og drift fram til stenging og fjerning.

Folkeleg sagt er Ptil både førarhund og vaktbikkje for næringa. Rollen som førarhund er knytt til den kontinuerlege dialogen vi har med selskapa. Målet med denne er å dela vår kunnskap og erfaring og slik bidra til styring og reduksjon av risiko i verksemda. Kravet til kontinuerleg forbetring er ein bærebjelke i dette.  

Som vaktbikkje fører Ptil tilsyn med at selskapa til ei kvar tid driv forsvarleg, og vi brukar våre verkemiddel dersom dei ikkje gjer det.

Kven fører Ptil tilsyn med?

Ptil sitt tilsynsansvar omfattar per              1. februar 2016:

80 faste innretningar (plattformar)

59 flyttbare innretningar med SUT

Åtte petroleumsanlegg på land

Rundt 300 innretningar på havbotnen

Cirka 15 400 kilometer olje- og gassrøyrleidningar

25 000 menneske som jobbar på innretningane offshore
 

Kven har ansvar?

Ptil fører tilsyn med alle aktørar i næringa. Som oftast vel vi å retta mest merksemd mot operatørselskapet, fordi operatøren har mest ansvar. Operatøren har ikkje berre ansvar for eigen aktivitet, men òg for at deira leverandørar og underleverandørar etterlever regelverket. Dette vert kalla påseansvar.

Korleis er tilsynet organisert?

Ptil har plassert ansvaret for tilsynet i seks ulike lag, som er tildelt kvar si gruppe av selskap.

Eitt av dei seks tilsynslaga har ansvar for oppfølginga av Statoil, medan to andre lag følger opp resten av operatørselskapa og rettshavarane på sokkelen. Eitt eige lag har ansvar for oppfølging av dei åtte landanlegga, eitt arbeider med entreprenørselskapa og eitt følger opp flyttbare innretningar; dei fleste av desse er boreriggar.

Tilsynslaga er sett saman av relevante fagfolk frå dei seks fagområda i organisasjonen. Ein tilsynskoordinator samordnar laget sine aktivitetar, og koordinatoren har fullmakt til å fatta vedtak på vegne av Ptil.

Kva fagområde er det i Ptil?

Fagekspertisen innan HMS er plassert i seks fagområde:

  • Arbeidsmiljø
  • Boring og brønnteknologi
  • HMS-styring og leiing
  • Konstruksjonssikkerheit
  • Logistikk og beredskap
  • Prosessintegritet

Kva er samtykke?

Operatørar må innhenta samtykke frå styresmaktene ved viktige milepælar i verksemda. Eit samtykke uttrykker at Ptil har tillit til at operatøren kan gjennomføra aktiviteten i tråd med regelverkskrava og i samsvar med opplysingane som er gitt i samtykkesøknaden.

Døme på aktivitetar som krev samtykke frå Ptil:

  • leiteboring
  • bemanna undervassoperasjonar
  • bruk av ei innretning eller delar av ei innretning
  • større ombyggingar eller endring av bruksformål
  • forlenga levetid
  • disponering/fjerning/flytting av ei innretning

Kva er tilsyn?

Tilsyn omfattar alle aktivitetar som skaffar Ptil naudsynt grunnlag for å vurdera om selskapa driv verksemda i tråd med krava i regelverket.

Den mest synlege delen av tilsynet er når vi dreg ut på innretningane i havet, på landanlegga eller byggeplassane for å få stadfesta at selskapa etterlever regelverket.

Men tilsyn omfattar òg dialogen med selskapa, møter med næringa, datainnsamling om ulykker og hendingar, granskingar og handsaming av utbyggingsplanar, søknadar om samtykke og søknadar om samsvarsfråsegn (SUT).

Kva er ein revisjon?

Ein revisjon er ein planlagt, systematisk gjennomgang av delar av styringssystemet til eit selskap. Revisjonen skjer i form av gjennomgang av dokument og intervju med utvalte personar, der målet er å sjå om det er samsvar mellom teori og praksis - og om styringssystemet gir selskapet godt nok grunnlag for å driva forsvarleg.

Kva er ein verifikasjon?

Verifikasjon er ein stikkprøve for å undersøka om selskapet sitt styringssystem fungerer i praksis, og om det bidreg til at aktiviteten held det sikkerheitsnivået regelverket krev. Feil og manglar som vert påviste under ein verifikasjon, må utbetrast av selskapet. Påviste feil indikerer som regel òg at noko har svikta i styringssystemet, og selskapet må då gjennomgå og forbetra dette.

Kva føringar har vi?

Arbeids- og sosialdepartementet har gitt følgjande føringar for Ptil sitt arbeid:

  • Tilsynet skal vera systemorientert og risikobasert.
  • Tilsynet skal koma i tillegg til, og ikkje som erstatning for, næringa si eiga oppfølging av sikkerheita.
  • Det skal vere balanse mellom Ptil si rolle som høgrisiko-/teknologitilsyn og arbeidstilsyn.
  • Medverknad og partssamarbeid er ein føresetnad.

Kva særmerker tilsynsordninga?

Tilsynsordninga på norsk sokkel er basert på målstyring.

Det er selskapa som er ansvarlege for at verksemda vert driven forsvarleg og i samsvar med krava i regelverket. Og det er aktørane i næringa som må sørga for å oppnå og vedlikehalda kvalitet.

Regelverket er utforma slik at det beskriv mål og funksjonar. Myndigheitene beskriv kva sikkerheitsmål selskapa har å halda seg til, og ser etter at dei har etablert styringssystem som sikrar at måla er tekne hand om.

Selskapa har relativt stor grad av fridom når det gjeld å velja gode løysingar for å etterleva myndigheitskrava.

Kva gjer vi med brot regelverket?

Petroleumsverksemd skal drivast i tråd med krava i regelverket. Dersom Ptil finn avvik eller brot på regelverket når vi fører tilsyn, ber vi alltid om ei utgreiing frå aktøren, som må forklara korleis dette vil bli handtert. Selskapet må melda tilbake innan ein gitt frist . Tilbakemeldingar vert gjort i form av skriftleg dokumentasjon, nokre gonger også i møter mellom Ptil og den aktuelle aktøren.

Dersom Ptil finn alvorlege regelverksbrot som set sikkerheita i fare, kan vi krevja stans i verksemda til situasjonen er retta opp i.

Korleis følger Ptil opp uønskte hendingar?

Uønskte hendingar er rapporteringspliktige til Ptil, og kvart år får vi mellom 600 og 800 slike varsel og meldingar.

Ptil har ein beredskapstelefon som er bemanna året rundt, døgnet rundt. Dei varsla hendingane vert registrerte av beredskapsvakta, som samstundes vurderer kor alvorleg den einskilde hendinga er og om situasjonen krev direkte tiltak eller aksjonar frå Ptil si side.

Om nødvendig vil vakta etablera Ptil sin beredskapssentral for å følgja ein alvorleg, pågåande situasjon ved hjelp av beredskapsorganisasjonen vår. Sentralen kan etablerast på kort varsel - døgnet rundt, året rundt.

Svært alvorlege hendingar kan resultera i at Ptil sett i gang formell gransking, eller definerer anna særskilt tett oppfølging av hendinga.

Mindre alvorlege hendingar får ei oppfølging som er tilpassa alvoret i saka. 

Ptil meiner: Det er selskapa som er ansvarlege for at verksemda vert driven forsvarleg og i samsvar med krava i regelverket.

Kva er SUT?

Før ei flyttbar innretning kan takast i bruk til petroleumsverksemd på norsk sokkel, må reiaren få samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil. Fråsegna uttrykkjer styresmakta sin tillit til at petroleumsverksemd kan gjennomførast med den definerte innretninga innanfor rammene av regelverket.

Ved inngangen til 2016 hadde 59 innretningar SUT.

Kva er pålegg?

Eit pålegg er eit enkeltvedtak fatta i medhald av regelverket. Pålegg er eit sterkt førebyggjande verkemiddel som er juridisk bindande for mottakaren. Det betyr at selskapet har lovmessig plikt til å etterkoma tiltaka i vedtaket.

Før vi gir eit pålegg, sender vi som regel ut eit varsel om pålegg til selskapa det gjeld.

Kor finn du rapportane våre?

Alle tilsynsrapportar, granskingsrapportar, varsel om pålegg og pålegg, likelydande brev, samtykker og samsvarsfråsegner (SUT) vert publiserte på Ptil sin nettstad; ptil.no.