Bilde av rigg

Stødig kø for SUT



Fem nye flyttbare innretningar fekk samsvarsfråsegn (SUT) i 2014. Nivået ser ut til å halda seg stabilt i 2015.

Dei siste åra har ei lang rekke flyttbare innretningar fått SUT frå Ptil. Då Maersk Drilling fekk fråsegn for boreinnretninga Maersk Interceptor i desember 2014, sigla riggen inn som nummer 56 på lista over flyttbare innretningar som har fått grønt lys for arbeid på norsk sokkel sidan SUT-ordninga starta tidleg på 2000-talet.

Søknaden frå Maersk Drilling var den femte og siste som Ptil handsama i 2014. Tilsynskoordinator Odd Rune Skilbrei, som har lang erfaring med oppfølging av flyttbare innretningar, fortel at fleire riggar er på veg inneverande år.

- Talet på nye SUTar vil være nokolunde likt i 2015 som året før. Ptil har god oversikt over nybygg som er kontraherte for norsk sokkel, og vi har ikkje fått melding om kanselleringar, seier Skilbrei.

Dei aller fleste innretningar som har søkt SUT dei siste åra, har vore nybygg – og har dermed entra norsk sokkel rett frå verft. I 2014 var det berre éin av nykommarane som hadde anna fartstid då SUT-søknaden blei handsama.

Sjølv om mange nye riggar har kome inn på norsk sokkel dei siste åra, har det samla talet halde seg stabilt. Hovudårsaka til dette er bremsinga i riggmarknaden, der fleire riggar er tatt ut av arbeid eller har fått oppdrag utanfor norsk sokkel.

Oppdatert oversikt over innretningar med SUT

Innretningar som fekk SUT i 2014 (reiar i parentes):

  • West Linus (North Atlantic Drilling)
  • Mærsk Intrepid (Maersk Drilling)
  • Rowan Viking (Rowan Norway Ltd)
  • Petrojarl Knarr FPSO (Teekay)        
  • Maersk Interceptor (Maersk Drilling)

Kort om SUT
Ei samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil uttrykkjer lit til at petroleumsverksemd kan gjennomførast med innretninga innanfor rammene i regelverket. Målet med SUT-ordninga er blant anna å tydeliggjera ansvarsfordelinga mellom operatør og driftsentreprenør/reiar.