Hovudregelen er at innsyn etter offentleglova er gratis, men med heimel i offentleglova § 8, er det ved forskrift fastsett rett til i nokre tilfelle å likevel krevje betaling for innsyn:
- Etter offentlegforskrifta § 4(1)1.punktum kan det krevjast betaling for innsyn i form av vanlege avskrifter, utskrifter eller kopiar til papir, og for utsendinga, når talet på kopiar overstig hundre ark i A4-format i éi sak. I slike tilfelle kan det krevjast ei krone per ark utover hundre, samt kostnader til sending, altså porto o.l. ,for heile sendinga.
- Etter § 4(2) 1.punktum kan vidare krevjast betaling for dei faktiske kostnadene ved utskrifter eller kopiar til papir når det gjeld uvanlege format, høgkvalitetskopiar eller liknande, dersom kostnadene med dette i vesentleg grad overstig kostnadene ved vanleg kopiering.
Det same gjeld ved kopiering til anna lagringsmedium enn papir.
Vi viser elles til offentlegforskrifta § 4.
Vi mottek til tider nokså omfattande førespurnader om innsyn, noko som er svært ressurskrevjande for organisasjonen vår.
Vi har i lys av dette kome fram til at det frå no av vil bli kravd betaling i samsvar med offentlegforskrifta § 4, når dokumenta er som nemnde ovanfor med omsyn til omfang eller art.
Lenkjer:











