Gå til hovedinnhold

Slik jobbar vi

Regelverk og tilsyn er forma slik at det er selskapa sjølve som har det totale ansvaret for å drive forsvarleg.


Det betyr også at selskapa har fridom til sjølv å finne dei beste løysingane. Gjensidig tillit og forståing for rolle og oppgåver er ein føresetnad for at vi skal kunne utøve myndigheitsrolla på denne måten.

Vårt overordna departement, Arbeids- og sosialdepartementet, har gitt oss følgjande føringar for korleis vi skal ta hand om oppgåvene våre:

  • Oppfølginga vår skal vere systemorientert og risikobasert.
     
  • Oppfølginga vår skal komme i tillegg til, og ikkje som erstatning for, oppfølginga av eigen verksemd som næringa gjennomfører sjølve.
     
  • Det skal vere ein balansert veging mellom Petroleumstilsynet si rolle som høgrisiko-/teknologitilsyn og arbeidstilsyn.
     
  • Medverknad og partssamarbeid inngår som viktige føresetnadar for og prinsipp i Petroleumstilsynet si verksemd.

Kva er systemorientert tilsyn?
Tilsynet vårt er retta mot relevante delar selskapa sine styringssystem, og vert gjennomført i form av revisjonar og verifikasjonar.

Ein revisjon er ein planlagt, systematisk gjennomgang av delar av styringssystemet. Den skjer i form av gjennomgang av dokumenter, og intervju med utvalte personar for å undersøke om det er samsvar mellom systemet som er beskrive og verkelegheita, og om systemet gir eit godt nok grunnlag for å drive forsvarleg.

Verifikasjon inneber ein stikkprøve for å undersøke om styringssystemet fungerer i praksis og bidreg til å skape det sikkerheitsnivået regelverket krev. Feil og manglar som vert påvist under ein verifikasjon må utbetrast av selskapet. Det viktigaste er likevel at påviste feil indikerer at noko har svikta i styringssystemet, og at det må gjerast forbetringar i dette.

Kva er risikobasert tilsyn?
Det er verken mogeleg eller ønskeleg å gjennomføre tilsyn med alle aktivitetar og med alle innretningar og utstyr.  Når vi seier at tilsynet vårt er risikobasert meiner vi at vi i planlegginga vår prioriterer tilsyn på de områda kor risikoen er størst.

Selskapa sitt eige tilsyn
Tilsyn som vi har gjort på et valt område, fritek ikkje selskapa for plikta til sjølv å forsikre seg om at innretningar, anlegg og utstyr til ein kvar tid er i samsvar med krava i regelverket. Vårt tilsyn kjem derfor i tillegg til selskapa sine eigne system for inspeksjon og kontroll.  

Balansert veging
De utfordringane vi står overfor kan delast i storulykkerisiko og arbeidsmiljørisiko. Det er ingen konflikt mellom desse, men det er viktig at vi er bevisste på å vege ressursbruken vår mellom dei to områda.

Arbeidsmiljørisiko blir synliggjort i form av personskadar, nestenulukker, arbeidsbetinga sjukdom og liknande.

Storulykkerisikoen derimot, består av risikomoment som ikkje nødvendigvis kjem til syne i den daglege drifta. Den er likevel til stades i form av ein underliggande risiko for at noko kan gå gale og i verste fall føre til ei storulykke. Det er viktig at verken selskapa eller myndigheiter mister merksemda omkring denne risikoen, sjølv om det kan gå lang tid mellom slike hendingar.

I vår planlegging sørgjer vi derfor for at begge dei to hovudområda blir gjenstand for eit forsvarleg tilsyn.

Medverknad og partssamarbeid
Regelverket gir arbeidstakarane både rettar og plikter når det gjeld å medverke for å bidra til forsvarleg verksemd, blant anna gjennom å delta i prosessar rundt vedtak som får betyding for arbeidsmiljøet. Vi fører tilsyn med at partane etterlever regelverket på dette viktige området.

Partssamarbeidet er ei bærebjelke i korleis vi utøver myndigheita vår. Det inneber at selskapa, arbeidstakarane og myndigheitene har eit ope og konstruktivt samarbeid om utfordringane og korleis desse kan løysast på best mogeleg måte.

Dei to viktigaste arenaene for trepartsamarbeidet er Sikkerhetsforum og Regelverksforum.