Gå til hovedinnhold

Sikkerhet - status og signaler 2017-2018

I publikasjonen Sikkerhet – Status og Signaler 2017-2018 får du ein grundig presentasjon av bakgrunnen for Ptil sitt Hovudtema for 2018 – Sikkerhet er et verdivalg.


Foto av forside magasin

Sikkerhet er et verdivalg er Ptil sitt Hovudtema for 2018. Vi ønsker med dette å reisa nettopp denne diskusjonen. Målet er å starta ein næringsdebatt som set ord på dilemma.

Initiativet fell saman med året då Stortinget mottar ei eiga melding om HMS i petroleumsverksemda. Der skal retninga og ambisjonane for tryggleiken i industrien meislast ut.

I Sikkerhet – status og signaler får du ein grundig presentasjon av bakgrunnen for vårt Hovudtema i år. Du finn òg ei førebels oppsummering av temaet som sette sitt preg på 2017, Trenden skal snus.  

Bestill magasinet ved å senda ein e-post til margrethe.hervik@ptil.no 
NB! Har du bestilt publikasjonar hjå oss tidligare får du automatisk tilsendt nye utgåver.