Gå til hovedinnhold

Wintershall Norge AS får samtykke til leiteboring

Wintershall Norge AS (Wintershall) har fått samtykke til å bore to leitebrønnar 35/8-6S og 35/8-6A i Nordsjøen.


Wintershall er operatør for utvinningsløyve 248. Boringa er planlagd starta i mars 2016 og er rekna å vare i 85 dagar, avhengig av funn.

Koordinatorane til brønnane vil vera:

• 61° 19' 41,65" N
• 3° 20' 17,11" A

Boringa skal gjennomførast med Borgland Dolphin som er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3.

Den er bygd ved Harland & Wolff i Belfast, Nord-Irland i 1977 og gjennomgjekk omfattande oppgradering i 1999.

Innretninga er eigd av Borgland Dolphin Pte Ltd og er operert av Dolphin Drilling A/S. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) i september 2004.

Ptil har no gitt Wintershall samtykke til leiteboringa.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064