Gå til hovedinnhold

Wintershall har fått samtykke til leiteboring i Norskehavet

Vi har gitt Wintershall Norge as (Wintershall) samtykke til leiteboring av brønn 6706/6-2.


Wintershall er operatør for utvinningsløyve 847. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 6706/6-2, kor målet er å undersøka eit prospekt kalla Marisko.

Brønnen ligg i Norskehavet og borelokasjonen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 67° 37' 20.60"N
  • 06° 45' 57.57"A

Boringa er planlagd starta tidlegast september 2018 med ei varigheit på 61 dagar, 93 dagar om det blir gjort funn.

Brønnen skal borast med Transocean Spitsbergen, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Aker H-6e, eigd og driven av Transocean Offshore Ltd. Innretninga blei bygd i 2009 ved Aker Stord, er registrert på Marshall Islands og har klasse i DNV GL.

Transocean Spitsbergen fekk ny samsvarsfråsegn frå Ptil i november 2012 etter eigarskifte.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77