Gå til hovedinnhold

Wintershall får samtykke til leiteboring i Norskehavet

Wintershall har fått samtykke til boring av leitebrønn 6406/2-8 i Norskehavet.


Wintershall Norge AS (Wintershall) er operatør for utvinningsløyve 589 i blokk 6406/2 i Norskehavet. Leitebrønn 6406/2-8 skal borast i eit prospekt kalla Imsa.

Borestaden ligg 15 km sør for Kristinfeltet og om lag 190 km NNV for KristiansundVassdjupna på staden er 262 meter.

Koordinatene til brønnen vil vera:

  • 64° 45' 13,95" N
  • 06° 30' 09,18" A

Boringa vil starte tidlegast i desember 2014 og er rekna å vare i 106 dagar. Dersom det vert gjort funn, vil aktiviteten kunne vare i ytterlegare 61 dagar i samband med testing av brønnen.

Boringa skal gjennomførast med Transocean Arctic, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning eigd og opererert av Transocean. Ho vart bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987, og betydeleg oppgradert i 2004. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2004.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77