Gå til hovedinnhold

Wintershall får samtykke til leiteboring i blokk 35/12

Wintershall har fått samtykke til boring av leitebrønn 35/12-5 i den nordlege delen av Nordsjøen.


Wintershall er operatør for utvinningsløyve 378 i blokk 35/12 i den nordlege delen av Nordsjøen. Leitebrønn 35/12-5 skal borast i eit prospekt kalla Crossbill.

Borestaden ligg om lag 10 km søraust for Skarfjellbrønnen 35/9-7 og 12 km SSV frå Gjøaplattformen. Vassdjupna på staden er 353 meter.

Posisjonen ved boringa vil vera:

  • 61° 13' 01,6" N
  • 03° 49' 39,2" A

Boringa er planlagd å starte i mai 2015 og er rekna å vare i 57 dagar. Eit mogleg sidesteg vil vare i ytterlegare 113 dagar.

Boringa skal gjennomførast med Transocean Arctic, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning eigd og opererert av Transocean. Ho vart bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987, og betydeleg oppgradert i 2004. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2004.