Gå til hovedinnhold

Wintershall får samtykke til leiteboring

Wintershall har fått samtykke til å bore leitebrønn 35/11- 18 i Nordsjøen.


Wintershall er operatør for utvinningsløyve 248 i blokk 35/11 i Nordsjøen. Brønnen skal borast i eit prospekt med nemninga Syrah.

Boringa er planlagd starta i august 2015 og er rekna å vare i 48 dagar, avhengig av funn.

Borgland Dolphin er ein halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3.
Den er bygd ved Harland & Wolff i Belfast, Nord-Irland i 1977 og gjennomgjekk omfattande oppgradering i 1999.

Innretninga er eigd av Borgland Dolphin Pte Ltd og er operert av Dolphin Drilling A/S. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) i september 2004.

For pressehenvendelser, send e-post eller ring vårt sentralbord
E-post: presse@ptil.no | 51 87 32 00