Gå til hovedinnhold

Wellesley Petroleum AS får samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Wellesley Petroleum AS (Wellesley) samtykke til leiteboring av brønnane 35/4-U-1 og 35/4-2.


Wellesley er operatør for utvinningsløyve 931. Vi har no gitt selskapet samtykke til leiteboring av brønn 35/4-2 (Songesand) og 35/4-U-1 grunn gass pilothull. Songesand brønnen ligg i Nordsjøen, om lag 28 kilometer nordvest for Vega, 44 kilometer nordaust for Visund og 50 kilometer nord for Gjøa.

Dei geografiske koordinatane er:

  • 61° 36' 2.538" N
  • 03° 12' 19.212" A

Havdjupna på staden er 392 meter.

Boringa vil starte i byrjinga av desember 2018 og er rekna å vare i 17 døgn.

Brønnane skal borast med Transocean Arctic, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Marosso 56, bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987. Ho har klasse i DNV GL og er registrert på Marshall Islands.

Innretninga er operert av Transocean Ltd, og fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i juli 2004.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77