Gå til hovedinnhold

Wellesley får samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Wellesley Petroleum (Wellesley) samtykke til boring av leitebrønn 25/1-13 i Nordsjøen.


Wellesley er operatør for utvinningsløyve 871 i Nordsjøen. Vi har no gitt selskapet samtykke til boring av leitebrønn 25/1-13.

Området brønnen skal borast i ligg i den midtre delen av Nordsjøen, 42 kilometer nord for innretningane på Jotunfeltet og 153 kilometer frå land (Gisøy i Bømlo kommune i Hordaland).

Brønnen har følgjande koordinatar:

  • 59° 49' 15.455" Nord
  • 02° 16' 37.037" Aust

Havdjupna på staden er 109 meter.

Boreoperasjonane startar tidlegast 22. januar 2019. Boringa vil vara i 30 dagar dersom brønnen er tørr og opp til 52 dagar dersom ein påviser hydrokarbonar.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Transocean Arctic, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Marosso 56, bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987. Ho har klasse i DNV GL og er registrert på Marshall Islands.

Innretninga er operert av Transocean Ltd, og fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i juli 2004.

Wellesley har gitt brønn 25/1-13 kallenamnet «Balcom».

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77