Gå til hovedinnhold

Wellesley får samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Wellesley Petroleum AS (Wellesley) samtykke til leiteboring av brønn 35/11-21 S.


Wellesley er operatør for utvinningsløyve 248 I. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 35/11-21 S, kor målet er å undersøka eit leiteprospekt kalla «Grosbeak West».

Brønnen ligg i Nordsjøen og borelokasjonen vil ha dei geografiske koordinatane:

61° 09’ 28.15” N
03° 38’ 56.52” A

Boringa er planlagd starta 1. juli 2018 med ei varigheit på om lag 76 dagar, avhengig av funn.

Brønnen skal borast med Transocean Arctic, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Marosso 56, bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987. Ho har klasse i DNV GL og er registrert på Marshall Islands.
Innretninga er operert av Transocean Ltd, og fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i juli 2004.

Brønnen er den tredje og siste egenopererte brønnen for Wellesley Petroleum bora med Transocean Arctic.

Eileen Brundtland, pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12