Gå til hovedinnhold

Wellesley får samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Wellesley Petroleum (Wellesley) samtykke til leiteboring av brønn 35/12-6 S i utvinningsløyve 925 i Nordsjøen.


Wellesley er operatør for utvinningsløyve 925 i Nordsjøen. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bora leitebrønn 35/12-6 S, kor målet er å undersøka eit leiteprospekt kalla «Kallåsen».

Borelokasjonen ligg i den nordaustlege delen av Nordsjøen, 14 kilometer sørvest for Gjøafeltet og 18 kilometer nordaust for Vega Sør.

Brønnen har følgjande geografiske koordinatar:

  • 61° 13' 45.056'' Nord
  • 03° 45' 25.396'' Aust

Havdjupna på staden er 355 meter.

Boring startar etter planen i byrjinga av mai. Lengda på boreoperasjonen er estimert til å vara 28 dagar om brønnen er tørr og opp til 71 dagar dersom ein finn hydrokarbonar.

Brønnen skal borast med Transocean Arctic, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Marosso 56, bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987. Ho har klasse i DNV GL og er registrert på Marshall Islands.

Innretninga er operert av Transocean Ltd, og fekk samsvarsfråsegn fra Ptil i juli 2004.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77