Gå til hovedinnhold

Wellesley får samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Wellesley Petroleum AS (Wellesley) samtykke til leiteboring i blokk 33/9 i Nordsjøen.


Operatørselskapet Wellesley har, på vegner av rettshavarane i utvinningsløyve 881, søkt om samtykke til å bora ein leitebrønn i blokk 33/9 i Nordsjøen.

Vi har gitt samtykke til dette.

Brønnen som skal borast, 33/9-22 S, skal undersøka eit prospekt kalla «Goanna».

Borelokasjonen ligg mellom Statfjordfeltet og Snorrefeltet i den nordvestlege delen av Nordsjøen.

Lokasjonen har dei følgande geografiske koordinata:

  • 61° 23' 08.85'' Nord
  • 01° 57' 34.31'' Aust

Havdjupna på staden er 226,5 meter.

Boreoperasjonen startar i slutten av august, og vil vara i minimum 35 dagar.

Brønn 33/9-22 S er den første leitebrønnen Wellesley er operatør for på norsk sokkel.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Deepsea Bergen.

Deepsea Bergen er ei halvt nedsenkbar, flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3.2, bygd ved Aker Verdal i 1983. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert i Noreg.

Deepsea Bergen fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2001.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77