Gå til hovedinnhold

VNG Norge får samtykke til leiteboring

VNG Norge (VNG) har fått samtykke til å bore to leitebrønnar 6406/12-4 S og 6406/12-4 A i Norskehavet.


VNG er operatør for utvinningsløyve 586 i blokk 6406/12 i Norskehavet. Feltet ligg om lag 83 kilometer frå Norskekysten (Frøya), og 61,4 kilometer sørvest for Draugen. Vassdjupna på staden er 319 meter.

Boringa er planlagd starta i juni 2015 og er rekna å vare i 52 dagar. Dersom det vert gjort funn, vil aktiviteten kunne vare i ytterlegare 84 dagar i samband med testing av brønnen.

Boringa skal gjennomførast med Transocean Arctic, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning eigd og opererert av Transocean. Ho vart bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987, og betydeleg oppgradert i 2004. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2004.

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064