Gå til hovedinnhold

Tullow Oil Norge AS får samtykke til leiteboring

Tullow Oil Norge AS har fått samtykke til boring av leitebrønn 6507/11-11.


Tullow Oil Norge AS (TONAS) er operatør for utvinningsløyve 591 i blokk 6507/11 i Norskehavet. TONAS har søkt om samtykke til å bore leitebrønn 6507/11-11 i eit prospekt kalla Zumba.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 64º 14' 16,05" N
  • 07º 30' 39,31" A

Boringa er planlagd starta i mai/juni 2015 og er rekna å vare i 50 dagar. Dersom det vert gjort funn, vil aktiviteten kunne vare i ytterlegare 8 dagar. Vassdjupna på staden er 272 meter.

Leiv Eiriksson er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen SS Trosvik Bingo 9000. Innretninga er eigd av Ocean Rig. Leiv Eiriksson er registrert på Bahamas og klassifisert hos DNV GL. Ho fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i juli 2008.

 

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064