Gå til hovedinnhold

Total E&P Norge as har fått samtykke til leiteboring i Norskehavet

Vi har gitt Total E&P Norge as (Total) samtykke til leiteboring av brønn 6406/6-5 S.


Total er operatør for utvinningsløyve 255B. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 6406/6-5 S, kor målet er å undersøka eit prospekt kalla «Jasper».

Brønnen ligg i Norskehavet og borelokasjonen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 64°35’47.27’’ Nord
  • 6°51’15.26’’ Aust

Havdjupna på staden er om lag 267 meter.

Boringa er planlagd starta tidlegast 1. juli 2018 med ei varigheit på om lag 90 dagar, avhengig av funn.

Boringa skal gjennomførast med den flyttbare boreinnretninga Scarabeo 8. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Moss CS50 MKII, operert av Saipem Norge. Ho blei bygd i Russland og Italia og tatt i bruk i 2012. Innretninga har klasse i DNVGL og er registrert på Bahamas.

Scarabeo 8 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2012.

Eileen Brundtland, pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12