Gå til hovedinnhold

Total E&P Norge AS får samtykke til leiteboring

Total E&P Norge AS (TEPN) har fått samtykke til leiteboring av brønnane 25/6-5 S og 25/6-5 A.


TEPN er operatør for utvinningsløyve 627 i blokk 25/6 i den midtre delen av Nordsjøen.

TEPN skal bore brønnane 25/6-5 S og 25/6-5 A Skirne Øst, for å undersøke potensialet i funnet.

Forventa oppstart er mars 2015, med ei varigheit på cirka 50 dagar, avhengig av funn.

Leiv Eiriksson er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen SS Trosvik Bingo 9000. Innretninga er eigd av Ocean Rig og vert operert av Rig Management Norway.

Leiv Eiriksson fikk samsvarsfråsegn (SUT) i juli 2008.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064